Lokal | 09. jan. 2018

Kraftig auke i dykkaroppdrag

Brannvesenet sin statistikk • Færre brannar i bygningar enn før, fleire dykkaroppdrag.

Kraftig auke i dykkaroppdrag
I byrjinga av 2000-talet hadde brannvesenet to - tre dykkaroppdrag årleg. Dei siste åra har dei hatt ti - femten oppdrag årleg (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 09. jan. 2018 07:59

Brannsjef Stein Gjøsund fortel at Os Brann- og redningsvesen rykka ut til fire brannar i bygningar og fem brannar i køyretøy i 2017, mot henhaldsvis fem og ti i 2016.

– Ser vi på statistikken bakover i år, så har brannar i bygningar gått jamnt og trutt nedover. No er det svingingar får år til år, men frå årstusenskiftet og fram til 2012 syner statistikken at vi vi hadde frå sju til fjorten brannar i bygning i året. Tala får dei siste fem åra idikerar ein trend, kor vi no ligg på rundt fem brannar årleg, fortel Gjøsund.

– Finst det ei forklaring på denne trenden?

– Det er vanskeleg å vera veldig bombastisk på det, men lovverket har blitt stramma inn, no er det krav om røykvarslar, krav om slukkeutstyr og seriekobling av røykvarslarane. I tillegg er dei branntekniske krava til nybygg skjerpa. Det er nok ein medverkande grunn.

– Ein annan grunn kan vera dei massive opplysningskampanjane som har vore kjøyrd over fleire år. Folk er blitt mer medviten. Ta berre juledekorasjonar. Tidlegare såg vi gjerne dekorasjonar med brennande lys og granbar, som ofte var ei brannkjelde. Desse ser vi knapt nok lengre.

– Ein tredje forklaring kan vera endra fyringsmønster. Folk får gjerne installert varmepumpe i staden for å nytta eldstaden. Ser vi på statistikken for pipebrannar, så har denne også gått ned frå åtte-ti i byrjinga på 2000-talet til tre og fire dei siste åra.

Fleire dykkaroppdrag

Os brann- og redningsvesen er eitt av få brannvesen i fylket som har eiga dykkarteam. Dei blei i 2017 kalla ut på femten oppdrag, ei auke på seks frå året før og over ei dobling i høve tala for fem til ti år tilbake.

– Ein grunn til at vi no blir kalla oftare ut på dykkaroppdrag kan mellomanna vera eit nytt teknisk hjelpemiddel i 100-sentralen som gjer at forulykka får næraste ressurs sendt til ulykkesstaden. Ofte kan vi vera det brannvesenet som er nærast tilgjengeleg, seier Gjøsund.

Over 20 trafikkulykkar årleg

Eit tal som held seg rimeleg stabilt er trafikkulykkar brannvesenet har rykka ut på.

– I 2017 rykte vi ut på 26 trafikkulykker. Dette er omlag det som har vore vanleg også tidlegare år. Ut frå statistikken ser vi at det ofte har vore mellom tjue og trevde oppdrag av denne typen. Stabilt er også first responder-oppdraga vi får, medan legekøyring har gått ned etter at legevakta styrka seg på dette området. Tidlegare hadde vi all legekøyring og hadde då vel to hundre oppdrag i året. I 2017 var dette talet 76, avsluttar brannsjefen.

Tala dei fem siste åra

Nedanfor finn du tala for kva oppdrag brannvesenet har hatt dei fem siste åra.

UTRYKNING - ALARM TIL: 2013 2014 2015 2016 2017 1. BRANN I BYGNING 5 6 7 5 4 2. BRANN I KJØRETØY 4 3 4 10 5 3. SKOGBRANN 0 1 0 3 0 4. GRAS OG LYNGBRANN 12 1 2 2 0 5. PIPEBRANN 2 5 4 4 3 6. BRANN I BÅT 1 1 1 1 1 7. TRAFIKKULYKKER 19 17 19 21 26 8. BRANNHIND. TILTAK 2 4 7 6 7 9. ANNAN BRANN 13 8 9 10 7 10. FALSK ALARM 3 1 1 1 1 11. UNØDIG ALARM 8 0 3 3 3 12. AKUTT FORUREINING 3 7 12 11 5 13. DYKKEOPPDRAG 10 4 10 9 15 14. ANDRE OPPDRAG 26 67 92 93 48 15. FIRST RESPONDER 73 24 26 29 28 16. LEGE KØYRING 331 237 234 76 17. AUTOMATISK ALARM 39 39 47 63 45 18. AUTOM. BUSTAD ALARM 12 14 14 15 10 19. VASSKADE/OVERSVØM. 8 3 7 10 11 20. KRISETEAM 15 4


Sum 240 536 502 545 299

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.