Lokal | 22. mars 2015

Krakilsk gjest måtte leggast i bodycuff

Han beit og slåst mot dørvaktar og motsette seg arrest, og hadde heller ikkje roa seg då han kom til arresten i Bergen.

Krakilsk gjest måtte leggast i bodycuff
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. mars 2015 08:40

I 2.30-tida, ved ein av utestadane i Os sentrum, kom det natt til søndag melding om problem med ein gjest som var heil krakilsk.

– Han hadde bete og slått etter dørvaktane. Då patruljen kom fram prøvde han å motsetta seg og slo og sparka mot politibetjentane, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Mannen, som er i 20-åra og nyleg domfelt for vald, blei tranpsortert til arresten i Bergen.

– Då vi kom til Bergen var han framleis like aggressiv. Til slutt måtte han leggast i sokalla bodycuff, der både armar og bein er låst.

Vedkomande blir meldt for å uroa offentleg ro og orden og for forulemping av offentleg tenestemann. Ein eller fleire av vaktane ved utestaden kan også koma til å melda han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.