Lokal | 30. okt. 2019

Kranselag for Os Aktiv

I dag blei det servering til 50 gjestar i nytt aktivitetshus ved Os ungdomsskule.

Kranselag for Os Aktiv
Kranselag: Prosjektsjef Halvor Hanevik, ordførar Trine Lindborg og kommunedirektør Christian F. Fotland i ny 430 kvm gymsal i Os Aktiv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. okt. 2019 14:03

Bildeserie:

Den gamle gymsalen 24. oktober 2018. (Foto: KVB)
Den gamle gymsalen 24. oktober 2018. (Foto: KVB)
Sånn skal Os Aktiv sjå ut i mars 2020. (Link Arkitektur)
Sånn skal Os Aktiv sjå ut i mars 2020. (Link Arkitektur)
I dag, førebels utan takutstikket. (Foto: KVB)
I dag, førebels utan takutstikket. (Foto: KVB)
Fersk ordførar og rådmann med ny tittel på veg til kranselag. (Foto: KVB)
Fersk ordførar og rådmann med ny tittel på veg til kranselag. (Foto: KVB)
Prosjektleiar Knut Olav Torsvik i Os kommune. (Foto: KVB)
Prosjektleiar Knut Olav Torsvik i Os kommune. (Foto: KVB)
Inn i gymsalen. Scenen i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Inn i gymsalen. Scenen i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Ein «fest» for dei 35-40 handverkarane. (Foto: KVB)
Ein «fest» for dei 35-40 handverkarane. (Foto: KVB)
7 meter takhøgde sett frå 8 meter brei scene. (Foto: KVB)
7 meter takhøgde sett frå 8 meter brei scene. (Foto: KVB)
Torsvik ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Torsvik ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Lindborg gratulerte med dagen og takka for invitasjonen. (Foto: KVB)
Lindborg gratulerte med dagen og takka for invitasjonen. (Foto: KVB)
– Tilsette og elevar gler seg, sa rektor Lutro. (Foto: KVB)
– Tilsette og elevar gler seg, sa rektor Lutro. (Foto: KVB)
Prosjektsjef hos Stoltz, Harald Sundnes. (Foto: KVB)
Prosjektsjef hos Stoltz, Harald Sundnes. (Foto: KVB)
Foto før kakekonsum. (Foto: KVB)
Foto før kakekonsum. (Foto: KVB)
Ei aktiv framtid. (Foto: KVB)
Ei aktiv framtid. (Foto: KVB)
Bygget i dag. (Foto: KVB)
Bygget i dag. (Foto: KVB)
Når alt er ferdig får skulen òg parkeringsplassane tilbake. (Foto: KVB)
Når alt er ferdig får skulen òg parkeringsplassane tilbake. (Foto: KVB)
1 av 16

Stoltz fekk ikkje brennevin, men god lunsj og kake då byggherre Os kommune i dag heldt kranselag for hovudentreprenøren.

– Vi takkar Os kommune for oppdraget og godt samarbeid, og håper vi kan få fleire oppdrag for Bjørnafjorden kommune, sa prosjektleiar Harald Sundnes frå Stoltz.

• Bildeserie: Frå riving til kranselag - månad for månad

Selskapet har, med underleverandørar, 35-40 arbeidarar i sving.

Bygget er tett og skal vera ferdig i månadsskiftet februar-mars, noko seinare enn planlagt, som var i slutten av desember i år.

3700 kvadratmeter over 4 etasjar

Blant representantane for byggherre var prosjekleiar Knut Olav Torsvik, prosjektsjef i Os kommune Halvor Hanevik, kommunalsjef Line Rye, rådmann (kommunedirektør i Bjørnafjorden, rådmann i Os) Christian F. Fotland og rykande fersk ordførar i Bjørnafjorden kommune - Trine Lindborg (Ap).

– Det er veldig kjekt å få vera med på kranselag på min første dag i ny jobb. Eg skulle òg helsa frå ordførar i Os, Terje Søviknes, sa Lindborg.

– Dette blir eit viktig bygg for Os ungdomsskule, men med Ung Arena òg eit viktig bygg for heile Bjørnafjorden kommune, og ein viktig del av både snetrumsutviklinga og samfunnsutviklinga.

Prosjektleiar Torsvik fortalte om både kranselag, som over tusen år gamal tradisjon, om god HMS i byggeprosessen, og om sjølve bygget.

– Tomta var krevjande, vi har brukt rundt 100 pælar, fleire av dei stikk 20 meter djupt. Aktivitetane som skal inn her, musikk og kroppsøving, krev begge god lydisolering.

Om innhaldet:
• Gymsal på 430 kvm med 7 meter takhøgde og 8 meter brei scene
• Aktivitetsplass under 224 kvm tak
• Garderobar
• 2. etasje med to klasserom og grupperom
• underetasje med rom for musikkundervising for Os ungdomsskule og Bjørnafjorden kulturskule
• Ung Arena (les meir om Ung Arena)
• kjellar med rundt 30 parkeringsplassar, lager og teknisk rom

– Frå skepsis til entusiasme

Ein av dei som fekk ordet var han som skal styra mesteparten av bruken av bygget, rektor ved Os ungdomsskule, Kåre Lutro.

– For 54 år sidan var det kranselag for den førre gymsalen, i fjor på denne tida var vi litt skuffa over at ikkje det blei brukt kran og kule til å riva den, sa Lutro og hausta latter frå handverkarar og gjestar.

– Eg byrja på denne prosessen då eg fekk jobben som rektor i 2010. Ting har tatt tid, men så lenge det går mot eit mål så er vi nøgde. Då gjer det heller ikkje noko om vi må venta frå desember til mars med å ta bygget i bruk.

Lutro fortalte om ambisjonar og debatt i planleggingsfasen fram mot det som landa på Os Aktiv.

– Vi har gått frå å vera skeptiske og kritiske til å visa samstemt entusiasme over kva vi er i ferd med å få. Det blir ei heilt ny tid for både lærarar og elevar ved Os ungdomsskule.

I dag blir elevar til alle doble gymtimar køyrde til Os Idrettspark på Kuentræ. Enkelttimane går i Os barneskule sin sal på nabotomta.

– Her får vi ikkje berre ein ny gymnastikksal, ei storstove å samla elevane i, med scene og godt lys- og lydutstyr - vi får undervisingsrom og eit uteområde som innbyr til aktivitet.

Under tak kjem basketballkorg, på uteplassen kjem blant anna volleyballbane (med fallunderlag, ikkje sand) og treningsapparat og benkar.

– Vi gler oss, dette betyr meir for oss enn de kan sjå for dykk.

Betra parkeringsforhold i sentrum

Skulen får òg parkeringsplassane sine tilbake når byggeprosjektet er over - i tillegg til 30 nye plassar i kjellaren. Men parkering på skuleplassen blir det slutt på, den skal stengast med bom.

I desember startar truleg graving på grusplassen. Der skal det byggast parkeringshus med fotballbane på taket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.