Lokal | 18. nov. 2016

Kranselag på Lunde barneskule

Bygginga av rundt 3000 nye kvadratmeter på Lunde er i rute. I dag blei det servert kake.

Kranselag på Lunde barneskule
Flagga var heiste då det i dag var kranselag på Lunde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. nov. 2016 14:54

Bildeserie:

Henrik Johannessen, Thomas Lorentzen-Styr, Tove Strønen og rektor Elin Skaatun. (Foto: KVB)
Henrik Johannessen, Thomas Lorentzen-Styr, Tove Strønen og rektor Elin Skaatun. (Foto: KVB)
Prosjektleiar Tor Inge Døsen. (Privat foto)
Prosjektleiar Tor Inge Døsen. (Privat foto)
Anleggsleiar Haakon Anderssen.
Anleggsleiar Haakon Anderssen.
Kranselag på Lunde barneskule fredag 18/11-2016.

1 av 7

Tilbygget på Lunde barneskule, som skal stå klart til bruk med blant anna ni nye klasserom august 2017, er kome langt nok i byggeprosessen til at det i dag blei halde kranselag.

– Målet var å ha tett hus til jul. Klasseromfløyen har fått vindauge og eg trur vindauge til adminsitrasjon og gang er på plass før juleferien, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen i Os kommune til Midtsiden.

Saman med ordførar Terje Søviknes og anleggsleiar Haakon Anderssen frå Hordaland Bygg og Eiendom AS var han blant dei som hadde ordet i dag.

– Minner om refleks og trafikk-rutinar

Leiinga ved skulen seier drifta av skulen går fint parallelt med byggearbeidet.

– Innimellom må vi og FAU minna foreldre på at ungane bør bruka refleks, og om kvar dei bør setja av ungar som blir køyrd, at ikkje alle treng å bli køyrd til døra.

– Elles går det veldig bra. Vi har litt mindre uteområde for tida, men anleggsarbeidarane er flinke til å kasta fotballar etter bomskot tilbake til elevane, seier undervisingsinspektør Thomas Lorentzen-Styr.

3 x 924 kvadratmeter

Tilbygget blir på tre etasjar, kvar av dei med lengde på 66 meter og breidde på 14 meter.

Les òg: Nye etasjar på Lunde

To av etasjane skal innreiast og bli tatt i bruk i første trinn. Som nye Lysekloster barneskule bygger Os kommune for enkel utviding i eit trinn to når behovet er der.

I tillegg blir det nokre kvadratmeter i fleire etasjar i bygget som skal kopla den gamle skulen saman med tilbygget.

– Entreprenørane skal vera ferdige i juni, så blir det ferdigbefaring og formalitetar saman med innreiing før skulestart til hausten. Sånn det ser ut no skal det halda, både med tidspunkt og budsjett, seier Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.