Markus og Daniel Slettebakken, her heime i Askvik i 2015. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kream passerte Aurora

Brørne Slettebakken sin låt «Taped up Heart» har blitt spelt over 40 millionar gongar. No har dei signert platekontrakt med amerikanske Big Beat Records.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Brørne Daniel og Markus Slettebakken, som i 2015 fekk internasjonal merksemd, blant anna for remixen av Tove Lo sin «Talking Body», gjer endå større suksess med si eiga låt, «Taped up heart», som kom ut i oktober.

Låta har no passert 40 millionar avspelingar på Spotify.

– Det er vanskeleg å forholda seg til så enorme tall, men veldig spennande, seier Daniel Slettebakken i eit stort intervju med Bergens Tidende måndag (abo).

Midtsiden har ikkje lykkast i å få tak i dei travle brørne frå Askvik.

Større enn Marcus & Martinus

Til samanlikning med Kream-suksessen har stjerneskotet Aurora frå Os kome opp i 34,3 millionar med coverlåta «Half the World Away», og ligg på 15-20 millionar med sine mest spelte eigne låtar.

Immortal og Eirik Søfteland er dei einaste andre frå Os vi har funne som nærmar seg millionen, med nesten 900.000 avspelingar av sine mest populære låtar.

Spellemannprisvinnarar frå Os, som Orbo, Gina Aspenes og Marius Neset, ligg alle godt under 100.000 streamingar.

Kream har også passert fleire andre, kjente norske, som:
Madcon sin «Beggin'» (30,7 mill)
Nico & Vinz sin «When the Day Comes» (17,5 mill)
Marcus & Martinus sin «Elektrisk» (38,3 mill).

Det er framleis eit stykke igjen opp til dei internasjonale stjernene frå Fana, Kygo og Alan Walker, som har låtar som har passert ein halv milliard.

USA-besøk og ny platekontrakt

Brørne Markus og Daniel var i USA fleire månadar i haust, og var i Hollywood då dei fekk høyra om den gode starten til den nye låta deira.

Markus studerte (musikk) og Daniel var på kurs i regi av Music Norway i Los Angeles.

Éi veke etter at dei slapp låten var den på dagens top hits på Spotify.

– Vi skjønte at det kunne ta av. Den lista er veldig viktig, seier Daniel til BT.

• Les òg: Kream vurderer kontrakttilbod

I januar signerte dei med plateselskapet Big Beat Records/Atlantic, som frå før har artistar som David Guetta, Matoma og Robin Schultz i stallen.

Kream har allereie kome med første låt på Big Beat, «Another life», som ligg på «white label».

Seinare i år skal dei tilbake til USA for å spela på den store musikkfestivalen South By Southwest i Texas.

Fleire saker