Kream spelte for krempublikum

Bildeserie: Brørne Slettebakken blei trekkplasteret arrangørane hadde håpa på.

Denne venninnegjengen var blant fleire som hadde problem med å stå i ro mens Kream spelte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. aug. 2017 21:14

Bildeserie:

Kream på Osfest. (Foto: Denise Andersen)
Tre minutt før Kream gjekk på såg det sånn ut. (Foto: KVB)
Så strøymde det publikum til området og ut av telta. (Foto: KVB)
– Kjekt å sjå kjente ansikt! seier Daniel etter konserten. (Foto: KVB)
God velkomst. (Foto: KVB)
Mor og far Tor og Elin med venar og naboar. (Foto: KVB)
Markus og Daniel Slettebakken i storform. (Foto: KVB)
Publikum er godt skodd. (Foto: KVB)
... og i strålande humør. (Foto: KVB)
Kream blir på festivalområdet utover kvelden. (Foto: KVB)
Unge fans samla seg mellom scenen og bacstage for å ta bilde. (Foto: KVB)
Kream på Osfest. (Foto: KVB)
Kream på Osfest. (Foto: KVB)
Kream på Osfest. (Foto: KVB)
Kream på Osfest. (Foto: Denise Andersen)
Tre minutt før Kream gjekk på såg det sånn ut. (Foto: KVB)
1 av 14

Osfest er i gang, med vekslande vêr, kulde, vind og regnbyger. Nokre hundre var på plass då første band, rockarane i Testpilot, gjekk på scenen klokka 18. Midtsiden møtte nøgd publikum etter konserten.

– Det var knallbra, eg treng ikkje høyra fleire eg no. – Men eg skal opp igjen, sa ein som var på veg nedom Osøyro.

Folk trakk inn i dei to telta på plassen, men så kom brørne Markus og Daniel Slettebakken i Kream på scenen.

Publikum strøymde fram til scenekanten og det blei dansing frå første låt.

– Kjekt å sjå kjente ansikt blant publikum

Kream spelte naturlegvis både nye «Drowning», som no har passert 2 millionar avspelingar, og avslutta med superhiten «Taped Up Heart», som har passert utrulege 71 mill. (A-ha har éi låt over 70 mill, Take on me med 192, Aurora si mest spelte låt har 42 millionar avspelingar).

Dei serverite òg ein ny remix av «Drowning» som kjem ut snart.

– Dette var kjempegøy! Vi skulle gjerne hatt endå fleire å spela for, men det var utruleg mykje liv i dei som er her, og det var både uvant og hyggeleg å sjå mange som vi kjenner blant publikum, seier Daniel til Midtsiden etter konserten.

Ja, det er plass til fleire, men på ein regntung fredag med svakt førehandssal er det ikkje verst å få over 500 å spela for, å få alle fram til scenen, og å få så mange unge og vaksne til å dansa.

– Det er tydeleg at Kream har trekt folk! seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

– Eg er glad vi sette dei opp klokka 19 og eg håper dei som no har kome seg til festivalområdet blir verande.

Førstefestivalkveld held fram med Unge Ferrari, Jesper Jenset, Julie Bergan og Nico & Vinz.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.