Markus og Daniel Slettebakken i Kream hadde med seg vokalist Clara Mae. (Skjermskot: NRK.no)
Markus og Daniel Slettebakken i Kream hadde med seg vokalist Clara Mae. (Skjermskot: NRK.no)

Kream spelte på VG-lista-konserten i Oslo

Markus og Daniel Slettebakken frå Os spelte for fleire tusen på Rådhusplassen. Her er lenkje til heile konserten.

Kjetil Vasby Bruarøy
25. juni 2017 - 9:28

Kream, som har gjort stor suksess denne våren, har no passert 68 millionar avspelingar av ei av sine eigne låtar, «Taped Up Heart».

I går spelte dei på scenen på Rådhusplassen i Oslo saman med Clara Mae, som har vokal på låta.

Brørne Markus og Daniel Slettebakken bak Kream, kjem òg til Osfest i sommar, der dei er andre band ut fredag 11. august.

Her kan du sjå heile konserten

VG-lista topp 20 er Nordens største gratiskonsertar, med dei beste artistane med dei mest populære låtane frå inn- og utland, skriv NRK.

• Konserten blei sendt på TV, sjå opptak på VG TV eller NRK.

Kream kjem cirka 2:04:00 ut i sendinga.

Også Osfest-aktuelle Julie Bergan er, saman med Christine Dancke, programleiar. Bergan blir av NRK kalla dronninga av Rådhusplassen, etter at ho òg framførte tre låtar; «Blackout», «If You Love Me» og «Arigato».

VG-lista topp 20 kjem til Bergen onsdag 5. juli (frå kl 18).

Les meir om

Kultur Osfest