F.v.: Markus og Daniel Slettebakken i KREAM. (Pressefoto)

KREAM ute med ny låt

– Ein feelgood-låt, seier duoen om første eigenproduserte sidan «Drowning» i juli i fjor.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Det var heilt konge å spela med Tiësto! Vi opplevde han som ein audmjuk og hyggeleg fyr, og konsertane var fantastiske. I Stavanger spelte vi for 6000 menneske i Sør Arena! fortel Markus Slettebakken.

Saman med broren Daniel i KREAM var han i førre veke, og i helga, på turné med DJ-legenda Tiësto.

I dag er dei aktuelle med ein ny låt.

Dette seier brørne Slettebakken om siste nye låt, «Know this love»:

– Folk som kjenner musikken vår, høyrer nok at det er vår låt. Det kan nok minna litt om «Taped up heart», men «Know this love» har ein meir indie-stil på vokalen.

Det er to månadar til vi skal stilla klokka, det er kanskje likevel ei sommarlåt som blei publisert rundt midnatt natt til fredag.

– Den har gode vibes, og vi har lagt på litt 80-tals trommer, seier Markus Slettebakken.

I samarbeid med söta bror

Svenske Litens Anton Nilsson har vokal på låten.

– Vi møtte han på ein skrivecamp i Stockholm i fjor. Låten lagde vi i etterkant.

KREAM skal til både London og Stockholm for å skriva nye låtar seinare i vinter.

Spennande start

KREAM sin største suksess til no er med deira eigen låt, «Taped up Heart» (feat. Clara Mae), som kom ut hausten 2016. Den har over 78 millionar avspelingar på Spotify.

Første dag blei den spelt 200.000 gongar, mens «Drowning», som kom to veker før KREAM gjekk på scenen på heimebane under Osfest i fjor, blei spelt over 280.000 gongar første dag.

No er KREAM spente på korleis mottaking «Know this love» får.

Etter Drowning har KREAM gjort to remixar, éin for svenske Tove Lo (Disco Tits) og éin for den endå større stjerna, Dua Lipa (New Rules).

Fleire saker