Lokal | 29. mars 2016

Krev lovlegkontroll av Osfest-tilskot

MDG krev saman med fire andre kommunestyrerepresentantar lovlegkontroll av formannskapet si tildeling på 500 000 kroner til Osfest.

Krev lovlegkontroll av Osfest-tilskot
Nils-Anders Nøttseter (MDG) fremjar lovlegkontroll av formannskapet sitt vedtak om å løyve 500 000 kroner til Osfest (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 29. mars 2016 06:55

I eit brev rett før påske krev Nils-Anders Nøttseter på vegne av Miljøpartiet Dei Grøne lovlegkontroll av vedtaket i sak 09/2016 i Os formannskap.

Saka gjeld tilskotet på 500 000 kroner kommunen yter til Osfest, kor avgjera om støtte blei tatt med ordføraren si dobbeltstemme.

I reglement for folkevalde i Os kommune er det eit krav om at tre eller fleire medlemer av kommunestyret kan saman fremja krav om lovlegkontroll av avgjerd fatta i kommunestyret, anna folkevald organ (som her formannskapet, journ.mrk) eller administrasjonen.

Kravet frå Nøttseter og Bjørn Terje Bøe i MDG er støtta av Gisle Hesjedal og Tone Hepsøe frå Arbeiderpartiet og Siren Tømmerbakke (Sp) og Terje Sperrevik (TVS).

I kravet skriv MDG følgjande om grunngjevinga for kravet.

1. Kommunelovas § 23.2 pålegg rådmannen ansvaret for sakshandsaming: "Administrasjonssjefen skal påse at de saker som legges fram for folkevalgte organer, er forsvarlig utredet". Det har undervegs og etter vedtaket kome fram informasjon som gjer at vi meiner saka ikkje er forsvarleg utgredd. Vi meiner det er skjerpande omstende at ordføraren ikkje svara på direkte spørsmål om relevant informasjon då saka vart debattert i formannskapsmøtet, trass i at han hadde kunnskap om temaet.

2. Ordføraren var sjølv sakshandsamar i saka, og sakshandsamar skal normalt sett vera ugild i politisk handsaming. Gildskapreglane i forvaltningslovas § 6 omtalar rettnok offentleg tenestemann, som ordføraren formelt sett ikkje er - han er folkevald. Men: Likefullt er det i kommunelovas § 40.3 gjeve reglar for gildskap for politikarar: "Om inhabilitet gjelder reglene i forvaltningsloven kap. !! (...)", og etter vår meining burde altså ordføraraen ha vore ugild i politisk handsaming av saka. Ordføraren si dobbeltstemme avgjorde saka, så det er ikkje tvil om at ordføraren si stemme var av avgjerande karakter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.