Avstemming | 09. apr. 2011

- Krise er det rette ordet

Orda kom frå Eirik Neverdal (TvS) då politikerane debatterte stoda i Os-skulen torsdag.

- Krise er det rette ordet
Andris Hamrelørdag 09. apr. 2011 08:44

Os kommunalt foreldreutval (KFU) inviterte torsdag til pre-valkampdebatt i Symrasalen på Nore Neset aktivitetshus. At det er tidleg i valkampen og at dei politiske partia ikkje har deira program for komande fireårsperiode klare påverka nok debatten noko.

Omlag 150 lærarar og foreldre hadde likevel tatt turen for å høyre kva politikarane meinte om stoda i Os-skulen. Klarest var nok Eirik Neverdal frå Tverrpolitisk samlingsliste.

- Krise er det rette ordet om den økonomiske situasjonen i Os-skulen i dag, hevda Neverdal.

Han fekk ikkje mykje motbør frå dei andre politikarane på den påstanden.

Manglar 14 millionar

Ordførar Terje Søviknes (Frp) erkjente at kommunen har ei utfordring i høve til barn- og unge.

- Vi har som følge av den nye barnehagefinansieringa 16 millionar kroner i meirutgifter, vi har eit meirforbruk og auka elevtal i skulen på 10-12 millionar kroner og ligg ann til auka skatteinntekter på omlag 10 millionar. Det betyr at vi har eit gap på omlag 14 millionar som kommunen må dekka inn, redegjorde Søviknes.

- Vi er der vi må prioritera, meinte Helge Olav Nygård (Krf) og Ingrid Netland (Sp).

Skulestruktur og eigedomsskatt

Men korleis partia har tenkt å prioritera var ikkje lett å få tak i. Kanskje fordi dei ikkje har bestemt seg for kva dei vil satsa på dei neste fire åra enno.

Likevel var to av dei klåre.

KrF vil sjå på skulestrukturen og SV vil innføra eigedomsskatt.

- Treng vi alle dei skulane vi har i dag, eller kan vi slå saman nokre, spurte Nygård retorisk.

- Samfunnet rundt oss (les: staten) ser på Os som ei kompakt kommune og gjev oss pengar ut i frå det. Då må vi kanskje ta det innover oss og tilpassa oss dei midla vi får, begrunna Nygård forslaget med.

Samstundes som han møtte motbør mot å leggja ned krinsskular var han ikkje åleine om å tenkja tanken, sjølv om den nok sit lengre inne hos dei andre partia. Kun TvS, V og Ap sa eit klart nei. Frp, H, Sp og Sv var i utgangspunktet òg negative til ideen, men held moglegheiten open for ein diskusjon i perioden som kjem.

Kompetanseheving

Lasse Stoltenberg frå KFU hadde fått i oppgåve å stille dei innleiande spørsmåla til panelet.

- Kva kan gjerast for å betra kvaliteten i skulen, undra Stoltenberg.

Svara han fekk var rimeleg samstemte, men samstundes generelle og lite konkrete.

Større lærartettheit, kompetanseheving blant lærarane, gode læringsmiljø var av svara som gjekk att.

Så gjenstår det berre å sjå korleis politikarane har tenkt å klara det, når vi veit at dei i 2010 kutta 12 lærarårsverk i skulen.

Skulebruksplan: "Halleluja"

Torsdagens debatt var todelt. Då debatten dreia inn på dei fysiske tilhøve i skulen blei politikerane enno meir samstemte.

- Eg håper vi også blant foreldra kan få ei hallelujastemning når dei ser dei positive konsekvensane av skulebruksplanen, sa Terje Søviknes.

Skulebruksplanen har politikerane saman med administrasjonen jobba fram og er med rette stolte av.

- Eg har ingen grunn til å tru at vi ikkje skal klare å følgja planen og vera ferdig til 2015, hevda Søviknes på vegne av politikerane.

- Utfordringa blir å pressa mest mogleg øre ut av kvar krone, supplerte Ingrid Netland (Sp).

Ho ønska seg løysingar som gav 150 øre på kvar krone. Samarbeid med frivillige lag og organisasjoner var ei av metodene ho nemnde som verkemiddel.

Sivil ulydighet

Debatten dreide over til trygg skuleveg.

- Det er kommunen sitt ansvar å få til trygg skuleveg sjølv om det er ein fylkesveg. Men eg følar vi stangar mot Statens Vegvesen, hevda Netland.

- Ja, vegvesenet er ei utfordring. Korleis dei tenkjer er ikkje lett å skjøne, støtta Marie Bruarøy (H) med referanse til Irgenskrysset og Vetlebruo i Øyane.

Ho fekk støtte frå dei andre politikerane. Lengst gjekk kanskje ordførar Terje Søviknes.

- Er det eitt område eg kunne vera frista til sivil ulydighet er det i høve til å mala sebrastriper på dei nemnde områda, sa Søviknes.

Han fekk umiddelbar støtte frå Venstres Tore Rykkel.

- Om du skaffar mailing så skal eg ta med kostar, smilte Rykkel.

Ein annan ting politikerane var samstemte om i høve til trygge skulevegar var at dei må bli tydelegare mot utbyggarar om at skal dei etablera eit bolegfelt, så må dei òg laga gang- og sykkelveg til skulen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.