Lokal | 25. okt. 2012

Kristin om Kongshaug

Ser ut til å stå på sitt: Laila Reiertsen (Frp) har fått svar på spørsmål retta til kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).

Kristin om Kongshaug
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (innfelt) fortel kvifor ho vil ta vekk ekstratilskotet til Kongshaug. (Foto: Kari Marie Austevoll/Rune Kongsro)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. okt. 2012 12:45

I framlegg til stadsbudsjett for 2013 vil regjeringa ta vekk eit ekstratilskot Kongshaug Musikkgymnas har fått sidan 2001.

Les òg: – Dette er dramatisk

Fleire har reagert på forslaget, som i utgangspunktet råka gymnaset midt i skuleåret, blant anna stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen frå Os.

Reiertsen retta spørsmål til kunnskapsminister Halvorsen.

No har ho fått svar.

– Forslaget er med omsyn til likebehandling av private skular, skriv Halvorsen i sitt svar til Reiertsen.

Bakgrunnen er ei sak der Oslo by Steinerskole gjekk til retten då dei følte seg forskjellsbehandla etter ikkje å ha fått det ekstratilskotet Kongshaug får. I tidlegare intervju med Midtsiden har Kongshaug-rektor Oddvar Rotvik fortalt at han var vitne i denne saka og ville at Steinerskolen skulle få same ekstratilskot som Kongshaug.

Men Oslo tingrett hadde same syn på saka som Kunnskapsdepartementet, Steineskolen kunne ikkje påberopa seg forskjellsbehandling.

– Likevel meiner eg, av omsyn til likebehandling, at ekstratilskotet til Kongshaug bør avviklast, skriv kunnskapsministeren.

Ho legg til at ho "ser at det er uheldig" at skulen mister tilskotet midt i skuleåret og at ho har forståing for at Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen ønskjer å finna ei løysing på saka.

Kongshaug Musikkgymnas skal vera redda ut skuleåret.

"Som om ikke det var ille nok. Nå er det forslag om å forlenge denne utryggheten!" skriv Rotvik i eit lesarinnlegg om det at dei held på ekstratilskotet ut skuleåret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.