Kristoffer Samuelsen tok imot mykje media før helga, her med Ida Alvsen frå TV2 i baksetet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 

Kristoffer kvalifiserte seg

Her lettar Noregs yngste flyinstruktør - med TV2 i baksetet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I mai var osingen Kristoffer Samuelsen (18) på veg til opptaksprøver på Elverum, to år før han eigentleg er gamal nok. No er Kristoffer den første 18-åringen i Noreg som er utdanna flyinstruktør.

Les òg: Kan bli Noregs yngste flyinstruktør

– Nye reglar med lågare aldersgrenser er vedtatt og blir innført i heile Europa innan 2016, seinast. Kristoffer fekk dispensasjon og klarte både opptaksprøve og sjølve instruktørkurset med glans, seier rekrutteringssjef i Norges Luftsportforbund, Tore Øvreeide, også han frå Os.

– Slengte med leppa

Det heile starta då Kristoffer Samuelsen heldt eit lite foredrag under ei samling på Starmoen på Elverum i vår.

– Eg slengte litt med leppa og sa det var på tide med fleire unge instruktørar i flymiljøet. Det neste som skjedde var at eg, på den tradisjonelle påskesamlinga på Voss, var i gang med første del, O-kurs.

I-kurset, siste del, blei tatt i juli, og etter ei hektisk eksamensveke var unge Samuelsen i mål.

– Det var både teoretisk test og praktisk prøve, med sensorar om bord som spelte vanskelege elevar. Det var intenst, men det gjekk fint, seier Kristoffer.

Frå jentecamp til heimebane

– Mine første timar som instruktør var i starten av september, på ei juniorsamling i regi av forbundet, og på ein jentecamp som var eit prosjekt saman med Forsvaret for å betra rekrutteringa av jenter til Luftforsvaret.

– Men no var det godt å fly på heimebane igjen, sa Kristoffer etter ein to timar lang flytur frå Ulven til Gullfjellet og tilbake - i seglfly.

Instruktør og konkurranse-pilot 

Kristoffer er no utdanna IK3. Neste steg er IK2.

– Ein IK2 kan for eksempel avgjera om kor tid ein elev er moden for å fly solo, forklarar den unge instruktøren.

Sjølv har Kristoffer, som studerer flyteknikk på Sola vgs i Stavanger, det førebels ikkje travelt med å ta neste trinn.

– Eg kjem ofte heime i Os og tar instruksjon, men for meg handlar det også mykje om å få erfaring som pilot.

I sommar deltok han på sitt første internasjonale stemne då han tok 5. plass av 25 deltakarar i nordisk meisterskap, som blei arrangert i Danmark.

– Høgdepunktet i 2013 blir VM i Polen neste sommar, fortel han.

– Os er unik 

Flyging kan vera både hobby, yrkesretning og konkurranseidrett.

– Uansett motiv så er Os Aero Klubb eit godt utgangspunkt, og eg trur det kjem til å bety mykje for klubben at vi no har fått ein så ung og flink instruktør, seier Øvreeide.

– Os er einaste klubb i Hordaland, og begge nabofylka langs kysten, som har aktiv seglflyopplæring. Då er det klart at det betyr mykje for miljøet at vi også har unge instruktørar, ungdom samlar ungdom.

Kristoffer sjølv er ikkje så opptatt av alder når det handlar om flyfaget.

– Det som betyr noko er kven du er som person og kva erfaring og kunnskap du har. Men for miljøet sin del har det ein del å seia at vi held fram med å få nye unge pilotar.

14 år og åleine bak spakane?

Drøymer du om styra eit fly åleine, eller kanskje til og med om ei karriere som pilot?

I dag må du vera 15 år for å fly solo og 17 år for å vera sertifisert.

Når dei nye reglane slår inn kan du fly solo allereie frå du er 14 år, innan ein radius på 10 kilometer frå flyplassen, og bli sertifisert som 16-åring.

– I tillegg til rett alder må du ha teorikurs og nok flytimar til at ein instruktør finn deg skikka til å fly åleine. Når dei tre tinga er på plass kan du fly solo, fortel Tore Øvreeide.

Fleire saker