Det sto fire bilar og venta på betong då straumen gjekk på Kuventræ i dag tidleg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det sto fire bilar og venta på betong då straumen gjekk på Kuventræ i dag tidleg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kritisk betong-stopp hos Borgen

Brødrene Borgen kan få erstatning etter dagens straumbrot.

Kjetil Vasby Bruarøy
17. juni 2016 - 11:23

Straumbrotet som ramma Kuventræ, Os sentrum og fleire nabolag nord og aust for Osøyro i dag gjekk ekstra hardt ut over Brødr. Borgen Ferdigbetong AS.

– Vi hadde i utgangspunktet ein stram timeplan i dag, no er den heilt sprengt! seier dagleg leiar Kristian Borgen.

Produksjonen startar ofte klokka 5 om morgonen, innan klokka 10.30 er det gjerne sendt ut 200 kubikk med betong (éin bil tar 7-8 kubikk).

– I dag starta vi klokka 05.45. Heldigvis fekk av garde dei som skulle med ferje, men no har vi måtta senda fleire av bilane våre til andre blanderi for å henta ferdigbetong.

– Burde vore prioritert

Kristian Borgen seier han har ringt BKK Nett 5-6 gongar i dag. Han saknar tettare dialog mellom straumleverandøren og bedriftskundar.

– For det første er det kritisk når det stoppar opp, for det andre veit du ikkje om det er tygt å starta opp igjen når straumen kjem tilbake.

Borgen fekk straumen tilbake etter to timar, rundt klokka 09.50.

– Viss produksjonen er så sårbar, kvifor har du ikkje ei nødløysing?

– Fordi vi så og seia aldri har straumbrot. Den skal dei ha, BKK, dei leverer stabilt. Derfor ville det vore kostbart å kjøpa og driva vedlikehald på eit aggregat som nærmast aldri var i bruk.

– Men eg synest BKK Nett skulle hatt eit eige vaktnummer for oss produksjonsbedrifter, og endå tettare dialog når det først skjer noko.

Kan få erstatning

Hos BKK Nett seier Anne Mette Tuvin at ho vil undersøkja kva form for oppfølgjing dei kan tilby bedrifter som Brødr Borgen.

– Han skal kunna få god informasjon via 05123.

– Om det er grunnlag for erstatning så kan han òg be om det. Vi betaler ut erstatning til dei som har økonomiske tap som følgje av straumbrotet.

Borgen fortel at nødløysinga dei har er knytt til blandemaskina, at den blir tømt for å unngå skade på den einaste blandaren på anlegget.

– Det betyr samtidig tap av alt som er i blandaren, 2-3 kubikk, i tillegg til det som blir av kjøp frå eksterne blanderi og overtid for å få levert alt vi skal i dag.