Lokal | 07. juli 2016

Krysset opna før tida

Krysset ved Hagavik Hjemmebakeri skulle vera stengt til og med søndag, men opna torsdag før lunsj.

Krysset opna før tida
Krysset som skulle vera stengt til og med søndag opna igjen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. juli 2016 11:29

Det er igjen opna for biltrafikk mellom Søre Øyane og Nore Neset.

Måndag blei krysset mellom Lepsøyvegen og Skeisflaten stengt grunna utbetring og oppgradering av krysset. Planen var å halda krysset stengt til og med søndag 10. juli.

– Den delen av arbeidet som kravde stenging er ferdig og krysset er no opna for trafikk, stadfestar Vestafjell-direktør Morten Hansen.

Arbeidet held fram

Krysset er utvida og heva frå Skeie-sida.

– No blir det meir oversikteleg, samtidig blir det enklare, spesielt på glatten, å køyra frå Skeie og vidare om du har måtta stoppa for bilar med forkjørsrett.

Arbeidet held fram med midtrabatt og fortau, men det er førebels ikkje planlagt fleire stengingar av krysset.

Tar ferie i tre veker

I samband med asfaltering i krysset er det òg lagt eit tynt asfaltdekke på delar av den midlertidige vegen på Storum.

Vestafjell tar ferie frå måndag og tre veker fram og har lagt asfalt på dei partia det har vore lettast for å bli danna dam.

Det blir inga lysregulering på vegstykket i tida når anleggsarbeidarane har ferie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.