Kultur | 05. des. 2010

Kul quiz om Ole Bull

Os Kulturskule med Ole Bull Quiz: Lærerik, underhaldande og veldig morosam!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. des. 2010 20:38

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Premieren laurdag var ein braksuksess, sundag var det endå betre.

- Det var elektrisk stemning før premieren i går. Fjellheim var smikkfull og elevane spente, fortel komponist Glenn Erik Haugland.

Han leia 12-mannsorkesteret i Ole Bull Quiz, der fleire solistar, 24 dansarar og fire flinke konfransierar tok oss gjennom eit spennande program med 22 spørsmål om Ole Bull og fine og varierte innslag mellom kvart spørsmål.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Nærmare 50 elevar frå Os Kulturskule står bak Ole Bull Quiz, der elevane skaper heile framsyninga, med unntak av lærarinne Gry Pladsen sitt akkompagnement på to av låtane.

Høg OJ-faktor
Os Kulturskule har snudd Fjellheim bak fram. Inngangen er det same, men så er det berre til å setja seg i ein sofa eller ved eit bord nær eller på scenen.

Orkesteret står i motsett ende, solistane og dansarane bruker midten av golvet som scene.

- Det var ikkje mange som ikkje sa «oj» då dei kom inn døra i går, fortel kulturskulerektor Christian Breistein.

Premieren var smikkfull med nærmare 100 i salen, Midtsiden.no fekk med seg første av to framsyningar søndag.

Smilande vertinner - lattermildt publikum
Dei to yngste av dei fire vertinnene, Åshild Svendal Os og Marthe Rein Haga, viste at dei kan meir enn å spela fløyte og synga. Dei leia store delar av spørrekonkurransen, stødig, og med godt humør.

- Vi var litt nervøse før premeren, men i dag berre gledde vi oss, seier dei to.

Komponisten og rektoren synes premieren gjekk fint, men meiner elevane var endå meir samstemte sundag.

Saman med flinke elevar, lærerike og morosame spørsmål, og stemningsskapande effektar som innreiing, har Os Kulturskule skapt ein flott Ole Bull-skule i Fjellheim denne helga. I veka skal fleire skular få sjå framsyninga, dei kan gle seg!

VIDEO: Åtte minutt med dei fleste innslaga i Ole Bull Quiz. Spørsmåla er tatt vekk, så ikkje elevane som skal på quiz i veka får for mykje informasjon om kva dei har i vente. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.