Lokal | 01. mars 2018

Kulderekord!

Ikkje siden 1888 har det vore like kaldt i mars som natt til torsdag.

Kulderekord!
Minus 18,5 grader var det i Varåsen torsdag morgon (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 01. mars 2018 08:27

I natt blei det satt ny kulderekord då det blei målt minus 12,0 grader ved Meterologisk institutt sin målestasjon på Florida i Bergen. Rekorden er ei tangering av den gamle rekorden som skriv seg frå 6. mars 1888 (!).

– Målingane kan ikkje samanliknast heilt, då den i 1888 blei målt på ein målestasjon som heit Lungegårdshospitalet. Det er store lokale variasjonar i Bergen, seier vakthavande meterolog Lars Andreas Selberg ved Meterologisk institutt, Værvarslinga på Vestlandet til BT.no

Den forrige mars-rekorden frå Florida målestasjon var frå 2001 då det blei målt minus 11,3.

Minus 18

Sjølv om det ikkje er nokon offisiell målestasjon på Os (den næraste er på Flesland, kor det blei målt minus 12,2 grader i natt), så kan ein slå fast at det også her var kaldt i natt. Som bilete viser var temperaturen omlag minus 18,5 grader i åtte-tida i dag tidleg.

Skal bli varmara

For dei som tykkjer at det er i kaldaste laget, så finn ein trøyst i varsela for dagane som kjem. I følgje Yr.no skal temperaturen stiga. I helga og utover neste veke vil temperaturen ligga på eit par minusgrader på morgonen og kanskje bikkje over i eit par varmegrader utpå dagen. Det er òg spådd lite vind.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.