Kultur | 21. juni 2025

Kulturkrefter går saman om kulturråd

– Med ein felles arena kan vi samle oss om saker som er viktige for alle, og jobba samla inn mot kommunen og politikarane.

Kulturkrefter går saman om kulturråd
Interimstyret i Bjørnafjorden kulturråd, f.v. Siri-Linn Schmidt Fotland, Magnus Godøy og Jonny Haugland. Foto: Grete Byrkjeland / Bjørnafjorden kommune.
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokalaurdag 21. juni 2025 08:23

Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Askøy kommune har eige kulturråd. No blir det snart kulturråd i Bjørnafjorden også.

Bjørnafjorden kommune inngjekk samarbeidsavtale med Bjørnafjorden idrettsråd i fjor, for å styrka samarbeidet mellom kommune og den frivillige idretten.

No har kultureininga i kommunen, ved Grete Byrkjeland, tatt initiativ til å tilrettelegga, så krefter frå kulturlivet kan gå saman om å grunnlegga sitt eige råd.

– Det er eit veldig positivt initiativ frå kommunen, som legg til rette for at vi skal få det til, seier Siri-Linn Schmidt Fotland.

Ho er styreleiar i Os skulekorps, har vore aktiv i korpsmiljøet i mange år, og har sett behovet for samarbeid.

– Eg har oppleving av at dei som brenn for frivilligheita fort blir oppbrent av alle krava som blir stilt, som om det var snakk om ein profesjonell bedrift.

Målet er at samarbeid kan gjera det enklare å få ting til.

Mellombes styre

Bjørnafjorden kulturråd vil bli stifta i september, og skal vera ein samarbeidsarena for alle frivillige kulturorganisasjonar i kommunen.

Kommunen skal ikkje ha ei aktiv rolle når eit permanent kulturråd er på plass.

Jonny Haugland frå Folkeakademiet Bjørnafjorden, Siri-Linn Schmidt Fotland frå korpsmiljøet og Magnus Godøy frå Unikultur utgjer interimstyret i kulturrådet.

– Målet er at kulturrådet blir ein stad kor vi kan dele erfaring, kunnskap og praktisk hjelp, til dømes utstyr. Ein stad der informasjon er samla, kor vi kan dra nytte av kvarandre og skape aktivitetar på tvers, seier Schmidt Fotland i ei pressemelding.

Samla om saker

– Kulturlivet er veldig spreidd. Eg har stor tru på at eit kulturråd vil kunne gjera oss sterkare, og vera til både nytte og glede. Med ein felles arena kan vi samla oss om saker som er viktige for alle, og jobba samla inn mot kommunen og politikarane.

Alle frivillige lag og organisasjonar innanfor kulturlivet, kan bli medlemmar av kulturrådet.

Kva saker og tema rådet skal jobba med og legga til rette for, vil bli opp medlemmane sjølve.

Den 17. september blir det skipingsmøte for Bjørnafjorden kulturråd på hovudbiblioteket på Os.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.