Lokal | 26. apr. 2011

Kulturminne utsett for hærverk

Turgåar på spaneoppdrag: Ungdomar tatt for å «fornya» fleire tusen år gamle helleristingar.

Kulturminne utsett for hærverk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. apr. 2011 16:39

Dei fleire tusen år gamle helleristingane i klebersteinen i Vargavågen blei tysdag utsett for hærverk. Hærverket blei oppdaga av ei kvinne som gjekk på tur, og etter ei stund med litt spaning dukka både syndarane og politiet opp.

– Først høyrte eg skrapelydar og banking, og i det eg kom forbi fjellveggen med kleberstein såg eg berre i jakken på ein av dei to ungdomane som stakk frå staden, fortel turgåaren.

Dette var i 16-tida i dag.

Heldt vakt ved syklane

Oppe ved vegen sto to syklar, så ho sette seg i skogen for å følgja med. Samstundes varsla ho sambuaren og politiet.

– Etter ei stund dukka ein av dei opp frå skogen for å henta syklane og då stoppa vi dei, fortel kvinna, som då hadde fått selskap i «vaktbua» av ei anna kvinne.

– Eg spurte om han var ein av dei som hadde vore ved helleristingane. Først svarde han nei, men så innrømte han det. Han ringte tll kameraten, og ganske samstundes dukka politiet opp.

15 og 16 år

Hærverket kan knapt kallast gutestrekar, dei to som har innrømt å stå bak er heile 15 og 16 år gamle.

– Hærverk på kulturminne er alvorleg. Dei viste tydeleg at dei angra, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Politiet kontakta foreldra til ungdomane som har brukt stein til å rissa i den mjuke klebersteinen.

– No håper vi at det går an å vaska vekk mest mogleg av desse symbola. Kva reaksjon dei to kan venta seg er førebels uvisst, sa Rastad.

Les òg (hærverk i påsken):
Knuste Grieg-skulptur

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.