Lokal | 24. aug. 2013

Kulturpris til Jimmyen

Jimmy Øvredal blei laurdag overraska med tildeling av Os og Fusaposten sin kulturpris for 2012. – Eg er heilt øvergøven, strålte prisvinnaren sjølv.

Kulturpris til Jimmyen
Juryformann Kenneth Svenningsen overrakte prisen til Jimmy Øvredal laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 24. aug. 2013 15:37

Os og Fusaposten delte laurdag ut sin eigen kulturpris for 11 gong i samband med kystsogedagen på Oselvarnaustet. Der var òg Jimmy Øvredal saman med Durspelsamskipnaden for å underhalda. Det Jimmyen ikkje visste var at han var mottakaren av prisen for 2012.

– Har ikkje han fått den før, tenkjer du kanskje?

– Nei, han har faktisk ikkje det. Han har vore ein så soleklar kandidat heile tida at han reint har blitt gløymt, fortalde leiar av juryen, Kenneth Svenningsen.

Svenningsen overrakte prisen som er eit bilete og ein sjekk på 15.000 kroner.

– Då har eg penger til kjøpebrennevin denne gongen òg, kom det med eit glimt i auge, då Jimmyen fekk vita kva prisen var.

Jimmy ein institusjon

Ein samrøysta jury var ikkje i tvil om at Jimmy Øvredal var ein verdig vinner av prisen.

I grunngjevinga skriv dei innleiingsvis:

Jimmy Øvredal er ein institusjon i Os og ein sjølvsagt vinnar av "Os og Fusaposten" sin kulturpris.

Øvredal er eit mangslunge talent. Det er nesten ikkje råd å få med seg alt han har gjort. Frå barnsbein av har han vore ein naturens mann, med interesse for fuglar, blomar og dyr, og for stille vandringar i "Vildmarken". Dette er bakteppe for det han har blitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.