Kultur | 30. apr. 2009

Kultursjefen sin favoritt

Midtsiden.no fekk kultursjef Lisbeth Axelsen med i juryen då beste russebil i Os skulle kårast.

Kultursjefen sin favoritt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. apr. 2009 20:30

Bildeserie:

1 av 5

Torsdag ettermiddag hadde midtsiden.no invitert russen i Os til kåring av årets beste russebil. 12 bilar møtte opp, dei fleste frå rundt 1986, til ein pris på rundt 40.000 kroner og med rundt 15.000 kroner i sponsorstøtte.

Men vi møtte også dyrare bilar, påkosta bilar og bilar med gjennomført stil på interiøret og ekstreme lyd- og lys-effektar. I alle fall til å vera på Vestlandet.

Dette såg vi etter
Midtsiden.no hadde kultursjef Lisbeth Axelsen med i juryen. Vi noterte type bil, tal på medlemmar og cirka sponsorstøtte. Deltakarane fekk karakter (1 til 6) på namn, partyfaktor og lyd og lys.

For å få god score på partyfaktor måtte innreiing vera smakfull og sexy, eller praktisk og gjennomført rølpete.

For å få god score på lyd måtte det anten vera god lyd for dei som sit i bilen, kraftig lyd utanfor bilen eller begge delar. Med berre god lyd inne i bilen var maks score karakter 4.

Namnet skjemmer ...
Når det gjeld namn, så såg vi etter namn som fekk oss til å smila. Kanskje til og med le. Namn var noko russen ikkje har vore spesielt gode på i år.
Vi fann ikkje noko i "Dis i dotten"-, "Kalle pils"- eller "Fetter forhud"-klassen, men nokre av namna sto i stil til bilen, noko som kunne gje plusskarakter.

Å finna eit litt vittig namn er ikkje så vanskeleg. Ta for eksempel ein aktuell film/tv-serie eller tittelen på ei kjent bok, og vri litt på den, så kan du få namn som "Engler og meloner" (jentebil), "Menn som hater kviger", "Kongen av kvinns" eller
"Max Anus".
For gutane på feltvogna "Toy Soldiers" er det eit hav av nye og gamle krigsfilmar å velja i, som "Drita Full Mental jacket" (litt lang versjon av "Full Metal Jacket"), "Kanoon" (Platoon), "Der Untergang", "Livredd Menig Ryan", "Skjørtejegeren", "Kanon på Navarone" eller bare machouttrykket "Bad to the bone(r)".

HER ER KARAKTERANE. VINNAREN OG 5 BILDE FINN DU NEDERST.
(Fleire bilde frå kåringa blir publisert seinare)

The QueenBee
Type og årsmodell: VW Caravelle 1994
Medlemmar: 6
Sponsorinntekt: 6000 kroner + verkstadarbeid
Namn (match/humor): 4 (gjennomført)
Lyd og lys: 3
Partyfaktor (innreiing): 4 (gjennomført, men meir koseleg enn sexy)
SUM: 11

GlamRuss
Type og årsmodell: Chevrolet Beauville 1986
Medlemmar: 8
Sponsorinntekt: 9000 kroner
Namn (match/humor): 4 (glamorøs stil i heile bilen)
Lyd og lys: 5
Partyfaktor (innreiing): 5
SUM: 14

MuggSopp
Type og årsmodell: Dodge Ram 1987
Medlemmar: 6
Sponsorinntekt: 10.000 kroner
Namn (match/humor): 3
Lyd og lys: 3 (spinkelt)
Partyfaktor (innreiing): 3
SUM: 9

NullStress
Type og årsmodell: GMC Vendura 1986
Medlemmar: 6
Sponsorinntekt: 13.000 kroner
Namn (match/humor): 3
Lyd og lys: 5
Partyfaktor (innreiing): 4 (ein OK rølpebil, sidan det er gutar som skal bruka den)
SUM: 12

Naughty Ducks
Type og årsmodell: GMC Vendura 1990
Medlemmar: 6
Sponsorinntekt: 2000 kroner
Namn (match/humor): 3
Lyd og lys: 4
Partyfaktor (innreiing): 5
SUM: 12

Toy Soldiers
Type og årsmodell: Volvo feltvogn 1963
Medlemmar: 8
Sponsorinntekt: 30.000 kroner + arbeid
Namn (match/humor): 3 (med feltvogn burde det vore mogleg å kome med eit morosamt namn)
Lyd og lys: 4 (til denne type bil er dyraste reiseradio frå Elkjøp godt nok)
Partyfaktor (innreiing): 6
SUM: 13

Candyshop
Type og årsmodell: Chevrolet 1990
Medlemmar: 8
Sponsorinntekt: 15.000 kroner
Namn (match/humor): 4 (får + for å vera ein gjennomført snopebil)
Lyd og lys: 4
Partyfaktor (innreiing): 6
SUM: 14

Westlife
Type og årsmodell: VW Caravelle 1986
Medlemmar: 5
Sponsorinntekt: 9500 kroner
Namn (match/humor): 2
Lyd og lys: 5
Partyfaktor (innreiing): 5 (får + for kjøleboks)
SUM: 12

Costa Plenty
Type og årsmodell: Chevrolet Beauville 1989
Medlemmar: 6
Sponsorinntekt: 22.000 kroner
Namn (match/humor): 3
Lyd og lys: 3
Partyfaktor (innreiing): 3
SUM: 9

Vetta Faen
Type og årsmodell: Starcraft 1990
Medlemmar: 7
Sponsorinntekt: 30.000 kroner
Namn (match/humor): 3
Lyd og lys: 6
Partyfaktor (innreiing): 6
SUM: 15


Type og årsmodell: Chevrolet 1990
Medlemmar: 8
Sponsorinntekt: 60.000 kroner + arbeid
Namn (match/humor): 4
Lyd og lys: 4
Partyfaktor (innreiing): 5
SUM: 13

Finanskrisen
Type og årsmodell: ”Dette er ein buss, ikkje ein bil”
Medlemmar: 6
Sponsorinntekt: ”Sponsor er bæsj – vi har cash”
Namn (match/humor): 4 (kjedeleg, men matchande namn, krisebil)
Lyd og lys: 2
Partyfaktor (innreiing): 5 (får stort + for å vera ein god rølpebil)
SUM: 11

VINNAREN ER: "Vetta Faen"
Premie: Ein kasse Hansa pils.

For å kommentera artikkelen må du vera innlogga lesar.
Registrer deg i menyen øverst til høgre på sida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.