Kultur | 26. jan. 2021

Kultursjefen utfordrar ungdomsrådet

Kan uvisse rundt UKM erstattast av andre tiltak?

Kultursjefen utfordrar ungdomsrådet
Frida Solheim var ein av dei som gjekk vidare i UKM 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. jan. 2021 18:37

På denne tida av året plar 50 til 100 ungdomar i kommunen driva med øving og finpuss på dans, song, kunst og konferansier-rolle til UKM (Ung Kultur Møtes).

Men i år veit ikkje verken ungdomen eller kultureininga i Bjørnafjorden kommune om UKM blir utsett eller avlyst.

– UKM er eit nasjonalt arrangement. Det kjem ikkje fram av heimesidene, kva planen er, og det er samtidig usikkert om det blir justeringar av smittevernreglar i månadane som kjem, seier kultursjef Erik Vangsnes.

– Anten det blir utsett eller avlyst, synest eg det er synd om ikkje ungdom som driv med musikk, dans og annan kultur får utfalda seg og vist seg fram snart, legg han til.

Som idretten fryktar han fråfall og redusert interesse, å ha ein stad å visa seg fram kan vera noko å strekka seg etter. Det kan gi både inspirasjon og god utvikling.

Kultursjef Erik Vangsnes, her under UKM i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kultursjef Erik Vangsnes, her under UKM i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Rettar spørsmål til ungdomsrådet

UKM skal ikkje berre inkludera unge arrangørar, det skal ideelt sett drivast fram av ungdomen.

No vil kultureininga senda ballen over til ungdomsrådet.

– Ungdomsrådet har møte førstkomande måndag. Vi på kultureininga har laga eit saksframlegg vi ønskjer dei skal drøfta.

Spørsmål dei vil ha opp til drøfting er:

  • Er det realistisk å gjennomføra eit stort fellesarrangement etter modell frå tidlegare år?
  • Er det aktuelt å dela det store arrangementet opp i delarrangement?
  • Skal vi legga vekt på framføring av ferdige produkt eller samspel/ samarbeid/ verkstad?
  • Kor mange kan vi vera? Kor skal vi ha aktivitet?
  • Kva har vi kapasitet å få til? Når skal vi ha aktivitet?

– Anten det blir under UKM-paraplyen eller ikkje, så håper eg det kjem fram nokre arrangement som både er smittevernvenlege og skaper aktivitet, seier Vangsnes.

Medlemmane i ungdomsrådet: Abdalruhman Al-Saed, Victoria Elise Lid, Ella Louise Sundt, Emma Bratholmen Særvold, Joachim Reuter, Martin Bakke Slåttsveen, Vegar Klyve, Ida Anette Isdahl, Ingvild Østby og Irmelin Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.