Kultur | 22. apr. 2010

Kulturskulen i Fjellheim

Torsdag ettermiddag er det tid for den årlege vårkonserten til Os kulturskule.

Kulturskulen i Fjellheim
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. apr. 2010 12:25

Os kulturskule har fleire framsyningar gjennom året, men det som er ekstra kjekt med vårkonserten er variasjonen i alder, instrument og nivå på elevane.

- Alle elevane våre har høve til å delta på scenen, frå dei yngste til dei eldste. Det er gratis å koma inn, for dei som vil sjå elevar frå alle klassetrinn i aksjon, seier rektor Christian Breistein.

Klokka 17 er det avduking av Os kulturskule sin nye logo, klokka 18 startar konserten.

Variert program
Blant det som blir å sjå og høyra i Fjellheim i dag, er blåseinstrument, litt ABBA-musikk og barnekoret, som blant anna skal synga låtar kjent frå ulike teiknefilmar.

- Vi skal også visa utdrag frå Jon Søfteland Sæbø sine elevar si framsyning «Kongens Reise 2». Her blir det mykje fin gitar- og pianomusikk, lovar Breistein.

Flyttar neste skuleår
Os kulturskule har undervising etter skuletid, i eigne lokaler i «kviteskulen» ved Os skule, i Fjellheim og ute på skulane i fleire krinsar. I 2011 flyttar dei til Oseana.

- Oseana skal stå ferdig 31. mars, men vi flyttar nok før den tid, trur rektor.

- Og då blir kapasiteten utvida?

- Vi får i alle fall betre plass. Om vi får fleire plassar er eit økonomisk spørsmål.

Om Os kulturskule
• Skulen blei stifta i 1979
• Endra hausten 2009 namn frå Os kommunale musikk- og kulturskule til Os kulturskule
• Har cirka 400 elevar og venteliste
• Elevane er frå 0 til rett over 20 år, men dei fleste er i barne- og ungdomsskulealder
• Undervisinga har i periodar gått i skuletida, men er no berre på fritida, rett etter skuletid for dei fleste elevane.
• Lokaler: 2,5 klasserom ved Os skule, Fjellheim og på skular i krinsane
• I 1997 blei det lovpålagt at kommunane skal tilby kulturskule

Os kulturskule underviser i:
• Instrument som gitar, piano, fiolin, cello, blåseinstrument og slagverk
• Dans og drama
• Musikk for barn: Musikk frå livets start og eigen musikkbranehage
• Har ønskje om, men førebels ikkje tilbod innan kunst (biletkunst/skulptur o.l.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.