Kultur | 14. juni 2011

Kulturskulen utvidar

Framleis plassar: Nytt kor og musikk-karusell er nye tilbod i kulturskulen frå hausten.

Kulturskulen utvidar
Andris Hamretirsdag 14. juni 2011 07:55

Kulturskulen opplever ei enorm interesse for tilboda sine. På det meste hadde dei mellom 440 og 450 elevar inne sist skuleår. Samstundes sto omlag 120 utan tilbod.

- Litt venteliste er greit, men at elevar søkjer om plass når dei er seks og ikkje får den før dei er tolv er ikkje noko kjekt, seier Christian Breistein, rektor ved Os Kulturskule.

- Difor er det kjekt å no kunne lansera to nye tilbod frå hausten.

Han fortel samstundes at det er nokre ledige plassar blant dei allereie etablerte tilboda for styrkarar og treblåsarar.

Musikk-karusell

Den første nyvinninga har dei vald å kalle "Musikk-karusell" for ungar i 6-7 års alderen.

- Vi har allereie "Musikk ved livets begynnelse" for barn frå 2-3 månadar til 3 år.

- Frå dei er 4 til dei byrjar på skulen kan dei gå i musikkbarnehage ein gong i veka, men frå dei kjem i skulepliktig alder har vi ikkje hatt noko tilbod, forklarar musikkskulerektoren.

- Innhaldet kjem til å gå seg litt til etterkvart, men tanken er at dei som deltek på musikk-karusellen skal få koma innom dei fleste av gruppetilboda våre som dans, band og etterkvart visuell kunst, forklarar Breistein.

Han har framleis plassar ledig på Musikk-karusellen, men søknadsfristen er allereie 17. juni.

Kor for ungdomsskule-elevar

Kulturskulen har allereie kortilbod for småskulen (6-8 år) og mellomtrinnet (9-12 år).

- No hadde vi korelevar som går ut av barneskulen som lurte på kva som skjer med dei når dei byrjar på ungdomsskulen, difor har vi bestemt oss for at vi vil forsøka å starta eit kor for dei som går på ungdomsskulen og, fortel Breistein.

Han håpar på såpass stor oppslutning at tilbodet lar seg realisera. Om du er interessert er søknadsfristen også der 17. juni.

Visuell kunst frå nyttår

Kulturskulen fekk tidlegare i sommar 500.000 kroner frå Stor-Bergen boligbyggarlag for å starta opp eit tilbod innan visuell kunst i Oseana.

- Vi har i tillegg søkt Utdanningsdirektoratet om midlar, men der er nålauget svært trangt.

- I fjor delte dei ut 40 millionar, men kunne sikkert ha delt ut det tredoble, fortel Breistein.

Uansett kjem kulturskulen til å starta opp med visuell kunst frå omlag nyttår.

- Tida blir for knapp til å klare å gjera det frå hausten av allereie.

- Vi skal kome på plass i Oseana, finne ut kva utstyr vi treng til den visuelle lina og ansetta lærarar, så vi ser vi ikkje rekk det før til vårsemesteret, forklarar Breistein.

Meir om kulturskulen og søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.