Kultur | 14. feb. 2015

Kulturstipend til Ariel og Aurora

Os kommune sitt kulturstipend for 2014 går til Ariel Braathen og Aurora Aksnes.

Kulturstipend til Ariel og Aurora
Ordførar Terje Søviknes saman med den eine av stipendmottakarane, Ariel Braathen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 14. feb. 2015 22:43

Bildeserie:

Aurora Aksnes mottok kulturstipende før ho sjølv skulle på scena for å halde konsert (foto: Andris Hamre)
Aurora Aksnes mottok kulturstipende før ho sjølv skulle på scena for å halde konsert (foto: Andris Hamre)
1 av 1
Aurora Aksnes mottok kulturstipende før ho sjølv skulle på scena for å halde konsert (foto: Andris Hamre)

Det var under Aurora Aksnes sin konsert i Oseana laurdag kveld at ordførar Terje Søviknes (Frp) fortalte at dei talentfulle utøverane Aurora Aksnes og Ariel Braathen for Os kommune sitt kulturstipend for 2014.

– Denne gongen blir kulturstipendet delt mellom to unge jenter, ein svært ung utøvar som allereie som 13-åring sette seg eit hårete mål om å kvalifisera seg til OL i Rio i 2016.

– Det var mange som rista litt på hovudet, men vi snakkar om ei målbevisst jente med stor treningsiver og dedikerte foreldre som stiller opp.

– Ho har allereie nådd mange av sine delmål og leverer personlege rekorder på løpande band, fortalde Søviknes, før han avslørte at symjar Ariel Braathen var den første av mottakarane.

Ei lysande stjerne

– Den andre utøvaren er allereie ei lysande stjerne på himmelen. I 2013 hadde knapt noko i musikkverda høyrd om den vesle jenta frå Drange, Lysefjorden og Os.

– I dag har alle høyrd om ho, Aurora Aksnes.

– Lykke til begge to! Osingane heiar på dykk, helsa ordføraren før han delte ut stipenda.

Kulturstipendet skal delast ut til unge, lovande utøvarar innan kultur- og idrettsfeltet.

Kvart av stipenda var på 20 000 kroner.

Kven kan få stipend?

1. Unge, lovande kunstutøvarar, idrettsfolk og aktive kulturarbeidarar på andre felt –som bur i eller er frå Os – kan søkja om å bli tildelt stipend. Øvre aldersgrense er 30 år.
2. Formannskapet kan i visse høve sjå bort frå regelen om søknad og gjeva stipend til personar som av ulike grunnar ikkje søkjer, men som formannskapet likevel får veta syner talent innan det kulturelle område.
3. Ein kan ikkje verta tildelt stipend meir enn ein gong innan same kulturaktivitet. Berre einskildpersonar kan søkja om kulturstipend, ikkje lag og samskipnader.

Midtsiden kjem tilbake med meir om konserten til Aurora Aksnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.