Lokal | 21. jan. 2017

Kulturstipend til Erling og Anne Goro

Roaren Erling Holst Øyaseter og musikaren Anne Goro Trondsmo Haugland tildelt Os kommune sitt kulturstipend.

Erling Holst Øyaseter og Anne Goro Trondsmo Haugland fekk Os kommune sitt kulturstipend for 2016 av ordførar Marie Bruarøy (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 21. jan. 2017 20:10

I forkant av konserten med Sondre Lerche i Oseana laurdag kveld fekk ordførar Marie Bruarøy gleda av å dela ut Os kommune sine to kulturstipend.

Erling Holst Øyaseter og Anne Goro Trondsmo Haugland fekk kvart sitt stipend på 20 000 kroner.

Godt å bli sett

Dei to stipendmottakarane satte naturleg nok stor pris på tildelinga.

– Det betyr veldig mykje. Ikkje minst det å bli lagt merke til, kommenterte dei to rett etter utdelinga.

– Det er mykje utgifter knytt til trening og samlingar, så disse pengane kjem godt med, fortel Øyasæter som jobbar for å koma inn på rolandslaget og gjennom det få moglegheiten til å kvalifisera seg til OL i Tokyo i 2020.

– For meg gir dette meg moglegheit til å frigjera litt tid til å jobba med ting som ikkje er ferdig utvikla. 20 000 kroner er faktisk ein pen slump med pengar om dei blir rett brukt, supplerar Tronsmo Haugland, som er musikar, komponist og nyleg utdanna dansekunstnar/koreograf, busatt på Haugland, kor ho er involvert i produksjonen til Studio O, mellom anna i forestillinga «Fremmed Fugl, Storm og Kaffe» som har premiere søndag ettermiddag.

Viktig å sjå talenta

Ordførar Marie Bruarøy poengterer at det frå kommunen si side er eit poeng å gje kulturstipenda til unge framadstormande osingar.

– Vi freister å heidre talenta tidleg. Det er for seint for oss som kommune å komma den dagen de har vunne OL-medalje, eller satt opp ei stor forestilling på ei av dei store scenen ute i verda. Eg håper dette kan vera med å hjelpe dykk eit lite stykke på den vegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.