Kultur | 05. des. 2009

Kulturstipend til Ingrid

Under grunnstein-nedlegginga laurdag blei Ingrid Søfteland Neset tildelt årets kulturstipend frå Os kommune.

Kulturstipend til Ingrid
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. des. 2009 16:27

Ingrid Søfteland Neset (17) vann både konsertoppdrag i Spania og gåvesjekk på 50.000 kroner då ho stakk av med førsteplassen i UMM for to veker sidan.

- Eg ønskjer meg ein ny fløyte. Du får ei veldig god fløyte for mellom 100.000 og 150.000, sa Ingrid etter sigeren i UMM.

I dag fekk ho Os kommune sitt kulturstipend, på 10.000 kroner, og kom med det nærmare "fullfinansiering" av fløyta.

Det er formannskapet som bestemmer kven det årlege stipendet skal gå til. Ordførar Terje Søviknes og kultursjef Lisbeth Axelsen delte ut stipend og blomar.

Som takk spelte ho "Sæterjentas Søndag" av Ole Bull, som du kan høyra i filmsnutten under.
(Mobilfoto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.