Kultur | 16. des. 2015

Kulturstipend til Sofie og Joakim

Skyttar Evensen og kappgjengar Sælen får 20.000 kroner til ny rifle og nye sko.

Kulturstipend til Sofie og Joakim
Søviknes saman med Sofie Evensen og Joakim Sælen i Oseana onsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. des. 2015 18:22

Bildeserie:

Kultursjef Lisbeth Axelsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kultursjef Lisbeth Axelsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Søviknes delte ut klem og kulturstipend. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Søviknes delte ut klem og kulturstipend. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2

Onsdag kveld, rett før Os kulturskule sitt første av to juleshow om nissen Borg tok til, blei Os kommune sitt kulturstipend delt ut.

Stipenda blei delt ut av Os formannskap ved ordførar Terje Søviknes, assistert av kultursjef Lisbeth Axelsen.

Kvart av stipenda er på 20.000 kroner.

– Begge går i år til idrettsutøvarar innan idrettar som ikkje er så store, men som har lange og gode tradisjonar i Os, sa Søviknes før han presenterte dei to vinnarane.

Sofie Evensen (13), som er yngste som har mottatt dette stipendet til no, har hatt eit forrykande år på skyttarbanen. Ho har vunne 11 av 35 stemne, og er blant anna samlagsmeister, krinsmeister og noregsmeister.

Neste sesong skal ho opp ein årsklasse, og skal kjøpa seg ei ny Sauer-rifle. No har ho 20.000 kroner ekstra på budsjettet.

Joakim Sælen (22) har drive med kappgang sidan han var 7 år. Han har vunne NM innandørs og tatt to sølv utandørs. Joakim har òg deltatt i junior-VM (2012) og har som mål å kvalifisera seg til OL i Rio i 2016 og VM i Lopndon i 2017.

– Joakim treng gjerne ikkje like dyrt utstyr som Sofie, men han slit ut 10-12 par sko i året, og har dessutan mål om mykje reising, sa Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.