Borgafjellsvisa

Kulturstova blei opna

Kulturstova i Vognhallen og Skulptursymposiet blei offisielt opna søndag kveld. Måndag byrjar artistane på årets skulpturar.

image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Søndag kveld blei Kulturstova i Vognhallen offisielt opna med representantar frå Os kulturutvikling, støttespelarar, arrangørar, artistar og kjøparar av årets skulpturar som dei neste vekene skal utvikla seg i Vognhallen som del av Os internasjonale skulptursymposium.

• Les meir om prosjektet: Snart klar for opning

Arrangementet blei innleia med at primus motor Leif Ragnar Tveit fortalde om arbeidet med å gjera delar av vognhallen innebygd og veien  fram til der ein står i dag. Som takk for innsatsen blei Tveit heidra med ein plankett.

Vakker sang til bygda

Før Arne Mæland kunne presentera årets artistar under symposiet var det tre av bygdas unge artistar som fekk sleppa til på scenen. Selma Fosså Bunæs, Torbjørn Sandmo og Jonne Finne Kuven gav gjestane eit vakkert musikalsk augeblikk som blei avslutta med Bernt Kristiansen si Borgafjellsvise.

Den første kunstnaren

Mæland innleia presentasjonen med å introdusera Marton Vardo, som var ein av kunstnarane på det første symposiet for 18 år siden.

– Då var det ingen som visste kva dette var når vi skulle rundt og selgje skulpturane før dei i det heile tatt var skapt. Då brukte eg eit verk frå Marton som eg hadde med meg og sa at han som har laga dette, er ein av dei som kjem, fortalde Mæland.

Uvurderleg hjelp

Ein av dei andre som har vore med gjennom alle år er Boutros Romhein.

– Utan Botrus hadde vi ikkje hatt stein å jobba med. Det er nemleg han, eller rettare sagt kona hans, som sørgjer for at alle papira er i orden når vi skal eksportera steinen frå Italia til Noreg. Det er ein krevande jobb dei har gjort for oss i snart 20 år.

Gale kjøparar

Mæland poengterte òg at utan kjøparane ville det heller ikkje bli eit skulptursymposium.

– Kjøparane er dei som har litt galskap i seg. Dei veit ikkje kva dei kjøper, men dei stiller her og er med på det. Berre å vera med på opplevinga er vel investerte pengar, meinte Mæland.

Årets kunstnarar

Andrea Berni (Italia)
Isao Sugiyama (Japan)
Marton Varo (Ungarn/ USA)
Boutros Romhein (Syria)
Corrado Marchese (Italia)
Irene Giannaccini (Italia)
Karin Van Ommeren (Holland)
Silvio Corsini (Italia)
Mohamed Naguib Moein (Egypt)
Knut Bryn (Norge)

Fleire saker