Lokal | 24. mars 2020

– Kunne knapt ha hogd nærmare skiltet

Turgåarar gjer skade på vegetasjonen ved Knutabruo.

– Kunne knapt ha hogd nærmare skiltet
Finn èin feil. (Foto: Privat)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 24. mars 2020 13:04

«Brukameratane» har dei siste åra skapt eit flott friluftsområde ved Knutabruo. Fleire gapahuker med bålplass har kome til i området, og det er no ein flott plass for alle.

I januar fortalde Brukameratane om ny sitjegruppe, redningsbøye og skilt der dei ber turgåarar og ungar vera varsame med knivane.

– Det er kjekt at ungane vil spikka, men fleire grantre nær gapahukane har mange sår, sa brukamerat Peder Fløysand for to månadar sidan.

No har folk gått laus på skogen med øks, og dei har ikkje vore diskret.

– Dette er skremmande å sjå, du kan jo ikkje koma nærare skiltet, fortviler Fløysand.

– Rett ved sidan av bålplassen går det ein bekk, der ligg det kvistar og kubbar klare for å brukast til bål. Men eg trur ikkje dette handlar om at folk ikkje klarar å gå fem meter for å henta ved.

– Vi har tidlegare måtta fella fleire tre som har blitt øydelagde. Det er trist både for oss og grunneigar at folk ikkje tek vare på denne flotte plassen, som er gjort i stand for alle.

– Ta ansvar!

Grunneigar Reidar Rundsveen ser på saka med litt oppgitte auge.

– Det er utruleg trist at folk ikkje set pris på det dei flinke «Brukameratane» har skapt her på området. Eg vil oppfordra folk til å bruka sunt folkevett som sørger for at plassen forblir open, tilgjengeleg og like fin for alle, seier Rundsveen.

Fløysand vil ikkje fundera for mykje i kven det er som står bak hogginga, men er meir opptatt av at det no blir stopp.

– Det er ikkje rett å spekulera eller retta peikefinger mot enkelte grupper. Men eg håper folk tar på seg lesebrillene og skjerpar seg, det skal vera tydeleg merkt at folk ikkje skal skada vegetasjonen, avsluttar Fløysand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.