Seks av dei ni kunstnarane som søndag har si første utstilling i nytt lokale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kunstfabrikken - bås for bås

Dei ni kunstnarane i KIOS har flytta frå Askviknes til Os Næringspark. Søndag opnar dei utstillinga «Mest Os».

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kunstnarsamarbeidet KIOS (kunstnarar i Os) registrerte seg som lag/foreining i 2013, og har utspring frå samarbeidsutstillinga YriOs, som var i «visningssenteret» i Vindu mot Fjorden fram til starten på 2013. Dei flytta vidare til Askviknes, men har no kome inn til Os sentrum igjen.

– Det var fine omgjevnadar å jobba i, men det er meir praktisk for mange av oss å ha ein meir sentrumsnær plass å jobba, seier ein av kunstnarane, Jan Haaland.

– Vi er alle amatørar, sett vekk frå Jarl-Hugo Låstad, som er heilproff.

• Les òg: – Dei sa eg hadde misforstått

I slutten av 2016 flytta dei ni kunstnarane inn i Os Næringspark. Med lokale i den tidlegare Bahus-fabrikken blei namnet justert til «Kunstfabrikken KIOS».

Dei ni kunstnarane i samarbeidet er: Anita Aslaksen, Rita Barstad, Gro Fjeldtvedt, Odd Olav Nøss, Jan Haaland, Margunn Tveitnes, Randi Hjertaas, Jarl-Hugo Låstad og Kristin Warhuus Våge.

Fekk plass til utstilling

Kunstnarane har kvar sin bås å jobba i. Seks av dei ni kunstnarane var på plass då Midtsiden var innom fredag. No har dei òg fått ein plass å stilla ut.

– Vi har sikla etter dette nabolokalet sidan dag éin. Det var eit lager her, men no er lageret flytta til ein annan stad i bygget, og det passar oss perfekt. Huseigarane kunne ikkje ha vist meir velvilje, vi er heldige som får leiga her, seier kunstnarane om brørne Aspenes.

I ettermiddag byrjar dei å montera utstillinga, som skal vera open i ti dagar.

Til vernissasjen søndag tar Haaland med seg resten av bandet sitt, «Steppin' Out» for å laga stemning.

– Kan det bli faste opningstider her, at det blir eit galleri du kan besøka heile året?

– Kanskje med tida. Det går alltid an å koma innom så lenge nokon av oss er her og jobbar, og no når vi har utstillinga blir det faste opningstider ti dagar på rad.

Produktiv og kreativ

Fabrikknamnet står ifølgje Haaland i stil med enkelte sin produktivitet.

– Vi måtte jo heita fabrikken med desse nye lokala - og enkelte er svært produktive, seier Jan og ser Margunn sin veg. – Ho jobbar jo 15 timar dag.

– Eg får gjort ein del ja, svarer ho, før ein lattermild Jan skyt inn at Midtsiden ikkje bør spørja om kor mykje husarbeid ho får gjort.

Ferskaste skot på KIOS-stamma er Randi Hjertaas. Ho seier det tok tid å våga å bli del av ein fellesskap som denne.

– Eg bur nær Askviknes og går ofte tur forbi. Eg gjekk i to år før eg våga å spørja om eg fekk vera med.

– Før den tid malte du heime åleine?

– Ja. Eg malte og kasta, seier Randi, som søndag stiller ut saman med sine åtte kollegaer.

Fleire saker