Helse | 13. jan. 2026

Kurs og kor: Er du pårøyrande til nokon med demens?

Bjørnafjorden kommune annonserer no for to tilbod: Nytt semester for Bjørnafjorden Demenskor og kurset Pårørandeskulen.

Kurs og kor: Er du pårøyrande til nokon med demens?
INVITERER TIL ØVING: Demenskoret har ved fleire høve sunge for fullsatt Oseana-sal. På øving står den sosiale og musikalske fellesskapen i fokus. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden (arkiv)
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatysdag 13. jan. 2026 10:58

Gamle og nye medlemmar i demenskoret må melde seg på innan fristen 23. januar.

Kommunnen arrangerer også kveldskurs, for deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom eller mistanke om kognitiv svikt.

Sistnemnte er eit kveldskurs over tre ettermiddagar i mars.

Demenskoret har øving kvar veke.

Demenskor

– Har du lyst å synge i koret vårt? Eller kjenner du nokon dette kunne vore kjekt for? Då håpar vi å høyre frå deg! seier Bjørnafjorden kommune.

Dei minner om at både gamle og nye medlemmar my fylle ut søknadsskjema innan fredag 23. januar, og at det nye semesteret startar tysdag 27. januar.

Øvingane er i Oseana kunst- og kultursenter. Lokalet er ope for deltakarar og pårørande frå klokka 13.45. Øvinga varer frå klokka 14 til 15.15, med kaffistund i foajeen etterpå.

Bjørnafjorden demenskor blei starta våren 2023, etter inspirasjon frå NRK-serien Demenskoret.

Sidan det har medlemmane fått kome saman til eit sosialt og musikalsk fellesskap, der songgleda får fritt spelerom.

Tre kveldar med pårørandekurs

Pårørandeskulen blir arrangert tysdag 10., 17. og 24. mars, klokka 17.30-20.20 i kantina ved hovudinngongen på Luranetunet bu- og behandlingssenter.

Dette eit kurstilbod for alle som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom eller mistanke om kognitiv svikt. Personen med demens kan bu i eigen heim eller på institusjon.

– Gjennom fagleg påfyll og plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området, informerer kommunen.

Demensomsorga i kommunen samarbeider med Bjørnafjorden demensforening om arrangementet.

Kurset kostar 300 kroner per person og har påmeldingsfrist 1. mars.

På programmet

  • Demensutgreiing ved fastlege Karoline S. Tombre
  • Framtidsfullmakt og vergemål ved advokat Gunnar Skeie
  • Kommunikasjonsmåtar og -metodar ved demenskoordinator Sølvi Fagertveit og ressursvernepleiar Anne-Siv S. Berge i Bjørnafjorden kommune.
  • Kommunale tilbod, hjelp til sjølvhjelp og velferdsteknologi ved demensomsorga i Bjørnafjorden kommune.
  • Bjørnafjorden Demensforeining presenterer seg

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.