Os ungdomsskule kursa nyleg heile staben i livreddande førstehjelp og bruk av hjartestartar. (Foto: Os Røde Kors)

Kursa heile staben

Os ungdomsskule kjøpte hjartestartar og fekk Os Røde Kors til å halda kurs i førstehjelp og livredning. 

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Assisterande rektor ved skulen, Sturle Lekven, fortel at avgjerda om å investera i hjartestartar vart teken i haust. 

– Dette har vi tenkt på over lengre tid, og no er det godt å veta at hjartestartaren er i hus og absolutt heile staben på skulen er kursa i livreddande førstehjelp. 

– Vi er ei stor eining her på Os ungdomsskulen, og kvar ein av oss har 400-450 menneske rundt oss kvar dag. Det inneber at statistisk sett har vi alle ei sjanse for å måtta bruka førstehjelp ein dag. Då er det utruleg viktig at ein veit kva ein skal gjera om det skulle bli behov, fortel Lekven.

Mykje praksis og spanande teknologi

Assisterande rektor, Lekven, fortel at dei kursdagen delte staben i to, slik at samtlege fekk høve til å gjennomføra.

Os Røde Kors stilte med 4 kurshaldarar, og kvar runde tok 3 timar. I tillegg til ein teoretisk del, var store deler av kurset lagt opp som praktisk gjennomføring.

– Spesielt den praktiske delen er noko eg har fått mykje gode tilbakemeldingar på, seier Lekven.

– Mange kvir seg nok til å å prøva å få liv i øvingsdukkene, men her har teknologien kome med ein app som gjer det heile endå meir realistisk og spanande. Via appen som var kopla opp mot øvingsdukka, fekk vi kontinuerleg info om innpust og trykk.

– Med dette verktøyet var det mykje lettare å få teknikken til å stemma, og det vart nesten konkurranse mellom oss i å gje den beste livredninga! 

Vil halda fram med dette

Lekven fortel at fokus på førstehjelp og livredning og bruk av hjartestartar vil halda fram på Os ungdomsskule.

– I etterkant av kurset vi no hadde, kom det konkrete ønskje frå staben om andre kurs som omhandlar behandling av sårskadar og klemskadar. Eg tykkjer dette syner at vi på skulen tek dette på alvor, og at vi ønskjer at Os ungdomsskule skal vera ein trygg plass, både for lærarar og elevar.

– Heilt ideelt skulle det etter mitt syn vore ein hjartestartar i alle kommununale bygg, seier Lekven. Spesielt i bygg kor det er mykje menneske. Fram til vi fekk vår hjartestartar, var næraste kommunale bygg med ein slik i rådhuset i Os sentrum.

Leverte både hjartestartar og kurs

Beredskaps- og kursansvarleg hos Os Røde Kors, Kristian Strønen, fortel at slike kurs er noko lokallaget kan tilby til alle som måtte ønska det.

– Vi har allereie hatt kurs for lokale bedrifter, i tillegg til fleire idrettslag i bygda. For oss er dette eit godt alternativ til å selja lodd og ha basar for å halda liv i laget.

Strønen fortel at kurshaldarane jobbar på dugnad, og at dei kan stilla med 8 øvingsdukker og 5 hjartestartar-simulatorar. 

– Dette gjer at vi har god kapasitet til å kursa større grupper. Ideelt sett er ei gruppe på 16-20 personar det beste, men som ved kurset på Os ungdomsskule klarte vi å kursa heile 45 personer på ein dag.

Viktig å satsa vidare på kursing

Strønen oppmodar alle, både einskildpersonar, bedrifter lag- og organisasjonar til å halda førstehjelpskurs. Jamleg.

– Det er ofte sirkulasjon i ein stab eller i ei medlemsmasse, og vedlikehald av kunnskapane er utruleg viktig. Ein kan aldri øva nok på livreddande førstehjelp, understrekar Strønen.

– Til dømes må alle i hjelpekorpset vårt ta ein ganske omfattande eksamen kvart tredje år, og vi driv elles med mykje terping på førstehjelp. Du veit aldri kva for situasjon du kan hamna i, eller korleis du vil reagera på situasjonen. 

Då er det veldig greit å kjenna at du er trygg på at du kan gje grunnleggjande førstehjelp, seier Strønen.

Hjartestartar hos deg?

– Det vert meir og meir vanleg på sjå hjartestartarar rundt i samfunnet - er desse dyre i innkjøp, og er dei vanskeleg å bruka?

– Ein hjartestartar kostar frå 10.000 kroner og oppover, fortel Strønen. Om ein skulle hamna i situasjonen at den må nyttast, er det kun batteriet og «paddane» ein fester på kroppen til pasienten som må skiftast etterpå. Eit nytt batteri kostar om lag 1500 kroner, men har ei varigheit på 3-4 år.

– Det er ikkje vitskap å handtera ein hjartestartar, men det er viktig å veta at ein hjartestartar må kombinerast med hjarte- og lungeredning. Difor er det å anbefala at ein kursar seg på begge områda, avsluttar Strønen.    

Fleire saker