Lokal | 08. feb. 2017

Kuttar fem valkrinsar

Folk i Øyane, Strøno og Hegglandsdalen får ikkje stemma på "heimebane" ved stortingsvalet.

Kuttar fem valkrinsar
Os kommune slår saman fleire av valkrinsane før stortingsvalet 2017 (ill.foto. KVB)
Andris Hamreonsdag 08. feb. 2017 08:13

Formannskapet, som òg er valstyret, vedtok tysdag å kutta frå dagens ti til seks valkrinsar frå det kommande stortingsvalet.

– Kva refleksjonar har ein gjort seg i høve det å samlokalisera eindel av valkrinsane. Eg tenkjer då på Strøno og Søre Øyane inn til Nore Neset og Os Aust, Os Vest og Hegglandsdalen til ein. Er det gjort tilsvarande andre stader og veit ein noko om korleis det har påvirka valdeltakinga, undra Eirik Andre Hesthamar (Frp). Også Nore Øyane-valkrins blir lagt inn under Nore Neset.

Går over til elektronisk manntal

Assisterande rådmann Paul Manger forklarte at omlegginga kjem som følgje av at kommunen i samband med stortingsvalet går over til å nytta elektronisk manntal.

– Dette set nokre krav til valmedarbeidarane og at vallokalet har god nok, og stabilt nok nett. Difor har vi foreslege færre vallokaler.

– Dei siste vala har vi òg sett ei auke i førehandsrøysting, så vil opnar opp for fleire langdager for dette før valet. Når det kjem til erfaringar frå andre stader, så gjorde Fjell dette for nokre år sidan, då dei reduserte frå 18 til 9. Der er dei særs nøgd og har ikkje sett at valdeltakinga har gått ned som følgje av omlegginga, svara Manger.

Må ikkje stemma på "heimebane"

Ordførar Marie Bruarøy (H) peika på at ein ikkje må stemma i det vallokalet ein soknar til, men at ein kan gå i kva som helst i kommunen.

– Det er alltid litt skremmande å gjera endringar i Os, men vi skal vera framoverlent. Det å bli meir digitale når vi snakkar val er vegen å gå. Vi må hugsa at ein ikkje må gå til det vallokalet ein høyrer til. Eg som bur i Øyane kan godt stemma på Søfteland om det passar meg betre, påpeika Bruarøy.

Vil ikkje ha aldersgrense

I sitt framlegg til vedtak hadde administrasjonen foreslege at ein skulle ha ei øvre aldersgrense på 70 år for valfunksjonærane.

– Eg øyner ein ørliten aldersdiskriminering med dette og foreslår vi stryk det punktet. Eg tykkjer ikkje vi skal ekskludera den vaksne oppegåande garden i Os kommune, kommenterte Bruarøy.

– Har administrasjonen hatt nokre spesielle tanker bak når dei foreslo dette, supplerte Helge Steinum (Ap).

– Nei, det er inga tunge grunner bak det punktet. Det blei berre satt ei grense på 70 år frå rådmannen si side, svara Manger før politikarane vedtok å stryka punktet.

Dette er dei nye valkrinsane

Etter vedtaket har ein no desse valkrinsane i Os.

  • Sentrum
  • Os Nord
  • Søfteland
  • Lysekloster
  • Nore Neset
  • Søre Neset

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.