I dag blei siste dag med lys og opne banar på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I dag blei siste dag med lys og opne banar på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kuventræ stengd for eigentrening frå i dag

– Folk har stort sett vore flinke, seier Endre Brenne.

Kjetil Vasby Bruarøy
23. mars 2020 - 21:10

Laurdag 14. mars, dagen etter at skulane blei stengte, valte Nore Neset idrettslag å stenga heile anlegget for aktivitet.

Frå måndag 16. mars stengde Bjørnafjorden kommune leikeplassane ved alle barnehagane og skulane, heile døgnet, med unntak av for born som er i barnehage eller skule fordi foreldra har jobb i nøkkelfunksjon.

Men Os Fotball har halde sine banar opne. Fram til i dag.

– Eg har følgd med på anlegget, og folk har stort sett vore flinke og retta seg etter oppmodinga eg sendte ut fredag 13. mars, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Men ei oppfordring frå fotballpresidenten i dag fekk Brenne til å stenga av.

– Helsedirektoratet har beslutta forbod og stenging av idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innendørs og utendørs. NFF ser at dette blir tolka ulikt, og har derfor bedt Helsedirektoratet om å presisera dette, for eksempel med omsyn til eigentrening, seier Terje Svendsen, president i Norges Fotballforbund.

– Inntil dette er presisert oppfordrar NFF at alle fotballbanar blir stengde av.

Os Fotball har i dag sendt ut melding til medlemmar, og ber foreldre snakka med born og undgom om ikkje å bruka banane før beskjed om opning har kome.

Les meir om

Lokal Korona Fotball