Lokal | 22. nov. 2018

Kva er det verste som kan skje?

Brannvesenet var i går ute på sesongens første pipebrann.

Kva er det verste som kan skje?
Her er brannvesenet ute på ein pipebrann i Os aust i 2014. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. nov. 2018 08:45

Rett før klokka 23 onsdag kveld kom det melding om pipebrann i ein firemannsbustad på Skorvane.

– Huseigar hadde fått vegleiing frå 110-sentralen, og skrudd igjen trekken. Dermed ebba brannen ut, og det var ikkje opne flammar då vi kom til staden, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Skorsteinen blei feia og huseigar fekk fyringsforbod fram til den er inspisert og klarert.

– Det var ein element-skorstein. Dei står betre imot ein pipebrann enn for eksempel tegl.

Kan føra til brann i tak

Enkelte vintrar har det vore ei stor mengde pipebrannar i Os. Dei fører sjeldan til noko meir enn feiing og nokre timar med fyringsforbod, eventuelt litt røyk inn i huset.

– Er pipebrann ufarleg?

– Nei. Om pipa blir for varm så kan den sprekka. Då kan brannen spreia seg ut i bjelkelaget, og det blir brann i resten av bustaden.

Å fyra med tørr ved og god trekk er forebyggande. Og, naturlegvis, å sørgja for at feiing og tilsyn er gjennomført som det skal.

• Les òg: Brannsjefen sine tips for å unngå pipebrann

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.