Kultur | 29. jan. 2019

Kva er dette? Nytt fag på Os Gymnas!

Opnar for fem timar i veka med fordjupning i e-sport.

Kva er dette? Nytt fag på Os Gymnas!
Overwatch er blant dei tre aktuelle spela som e-sport-utøvarane på Os Gymnas skal bryna seg på. (Skjermskot)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. jan. 2019 14:20

E-sport, altså videospel formalisert for konkurranse, har vore populært i Asia i mange år. Dei siste åra har populariteten spreidd seg til USA og Europa, og involverer fleire hundre millionar deltakarar og publikum.

– Vi satsar på framtida og innfører E-sport frå hausten 2019, fortel rektor ved Os Gymnas, Kjersti Daland.

Fem timar i veka

Elevane kan velja e-sport som fordjupning. Det betyr fem timar i veka med treningsplanlegging, basistrening og ferdighetsutvikling.

– E-sport er eit toppidrettsfag. Dette er eit tilbod til elevar som er interesserte i gaming og som ønskjer seg studiekompetanse, seier Daland.

Aktuelle spel er Counter Strike, Overwatch og League of Legends.

Os er ikkje åleine

Det er i dag tre skular som har dette fagtilbodet. I Hordaland er det berre Arna som byr på e-sport.

Frå hausten blir det til saman seks vidaregåande skular med e-sport på menyen.

– Skulen skal informera meir om tilbodet på open kveld 13. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.