– Minigolf har kjekke banar, men det er gøyare å slå langt, og å øva teknikk, i vanleg golf, synest gjengen som Tobias Arntzen (t.v.) instruerte i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Minigolf har kjekke banar, men det er gøyare å slå langt, og å øva teknikk, i vanleg golf, synest gjengen som Tobias Arntzen (t.v.) instruerte i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kva er kjekkast, golf eller minigolf?

Meiningane er nesten samstemte på golfskulen til Bjørnefjorden GK.

Kjetil Vasby Bruarøy
24. juni 2020 - 16:29

Måndag starta tre idrettslag i Os sine fotballskular, Nore Neset kombinert med handballskule.

Samtidig gjekk Bjørnefjorden Golfklubb i gang med sin golfskule, som aktivitetstilbod til ungar frå 6 til 14 år i starten på sommarferien.

– Vi fekk kort tid å planlegga på, sidan koronapandemien skapte uvisse for sommaren, likevel har vi nesten like mange deltakarar som i fjor, seier dagleg leiar Bjarte Wiberg.

Golfskulen blei starta av Samson Bjørke i 2009, i år var det 22 påmeldte, 11 gutar og 11 jenter.

– Tidlegare var det fleire av seniorane våre som stilte som instruktørar, no har fleire og fleire juniorar kome inn på dugnad, fortel Wiberg.

Dottera Tora er rektor, og har fått med seg nokre frå administrasjonen i planlegginga. I dag stilte dessutan styreleiar Rolf Olsen som vikarinstruktør.

4 økter - 4 dagar

Dei unge deltakarane er frå både BJGK, gjestar i bygda og heilt eller ganske nye golfspelarar.

– Dei får to økter før lunsj og to økter etter lunsj. Skulen varer frå klokka 9 til 15, frå måndag til og med torsdag.

Ved sidan av å øva på utslag, chip og putting, skal elevane spela fire fulle hol. Men først, og nytt i år, er Narvesen Stjernejakt.

– Narvesen er sponsor for barnegolf, og stjernejakt er eit fint opplegg vi har køyrd på open dag og andre arrangement før.

På stjernejakt skal du for eksempel putta på 7 slag frå 10 meter, som er ein enkel start. Så skal du klara deg med like mange slag på 20, 30 og 50 meter, som kan byrja å bli vanskeleg.

– Når dei klarer seg med 7 slag på 100 meter er dei ikkje langt unna 6 slag per hol. Så er det å byrja å spela seg ned mot par.

Kva type golf er gøyast?

Deltakarane på årets golfskule er delte i fire grupper. Vi møtte tre av gruppene på banen i dag.

I gruppa med blå caps var dei i gang med stjernejakta.

– Eg har spelt golf før, men berre éin gong, og det var i Spania, seier William.

I gang med stjernejakta. (Foto: KVB)
I gang med stjernejakta. (Foto: KVB)

– Kva er kjekkast av golf og minigolf, då?

– Minigolf har kjekke banar, men her lærer vi meir teknikk og ulike slag. Det er dessutan gøy å øva på å slå langt.

– Enig! Eg slo 142 meter i dag, fortel Ernir nøgd.

På nabogruppa med gul caps var dei samstemte; vanleg golf er gøyast.

– Vi har øvs på chip og utslag, det er kjekt! seier Emilian, Odin, Ludvik og August, som fekk instruksjon av styreformann Olsen.

Instruktør Olsen saman med Olander, Emilian, Odin, Ludvik og August.
Instruktør Olsen saman med Olander, Emilian, Odin, Ludvik og August.

Ny lærdom til erfaren ungdom

Pernille Trohaug Våge er ein av dei tilreisande deltakarane. Ho er frå Modalen, og speler golf frå før. No er Pernille på besøk hos bestefar Gunnar Våge, som er ein stødig golfspelar.

– Eg har spelt golf ei stund, men eg har allereie lærd mykje desse dagane. Spesielt har utslaga mine blitt betre, seier Pernille.

Pernille T. Våge har spelt golf ei stund, men seier ho har lært ganske mykje på golfskulen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Pernille T. Våge har spelt golf ei stund, men seier ho har lært ganske mykje på golfskulen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I dag hadde ho rektor Tora Wiberg som lærar.

– Golfskulen har gått veldig fint til no. Ungane og ungdomane er flinke og greie, og det ser ut som om alle koser seg, seier Tora.

To av dei som hadde humøret på topp, var venninnene Skaathun og Kråkemo. Frøken Kråkemo påsto at venninna tvang ho med, men dette ville ikkje Skaathun innrømma.

– Eg er uansett glad for at eg blei påmeldt. I dag fekk vi is, i morgon fekk vi pizza, og det er ganske kjekt å spela golf, synest Leah Sjaastad Kråkemo.

Sjå fleire bilde under (bildeseriar er synlege berre for pålogga abonnentar):

Les meir om

Sport Golf