Lokal | 12. sep. 2020

Kva gjer ungane dine om det byrjar å brenna heime?

Neste veke er brannvernveka. Sånn blir programmet i Bjørnafjorden.

Kva gjer ungane dine om det byrjar å brenna heime?
Jan Olav, Aleksandra og Ingrid håper du bruker neste veke på å gjennomføra brannøving heime. (Foto: Bjørnafjorden brann og redning)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. sep. 2020 07:03

Kvart år i veke 38 blir »Brannvernuka» arrangert over heile Noreg. I Bjørnafjorden kommune plar det vera open brannstasjon denne dagen, eit populært tilbod som samlar små og store til påfyll av kunnskap og test av utstyr.

Sjå bildeserie frå open brannstasjon på Moberg i fjor

Grunna smittevern blir det ikkje open brannstasjon i Bjørnafjorden kommune i år.

– I år har vi dessverre ikkje sjanse til å invitera innbyggarane til open stasjon. Men den nasjonale kampanjen blir arrangert likevel. Vi kjem til å besøka skular og barnehagar på begge sider av fjorden, seier Ingrid Øksnes, brannkonstabel i Eikelandsosen.

I tillegg er det lagt opp til at du kan læra mykje heimefrå.

– Vi oppfordrar alle, spesielt småbarnsfamiliar, å ha brannøving heime. Kvart år brenn det i over 1.600 bustadar i Noreg. I 30 prosent av desse bustadane bur det born.

– Det vil seia at 470 familiar i året opplever brann heime, seier Jan Olav Birkeland, brannkonstabel og fagleiar for feiing og tilsyn i Bjørnafjorden brann og redning.

  • Onsdag 16. september kan du delta i gratis webinar om brannøving i bedrifter, skular og barnehagar.
  • Laurdag 19. september blir det direktesending for småbarnsfamiliar med Brannbamsen Bjørnis på Facebook og Youtube.

Nyttig informasjon om gjennomføring av brannøving, og link til webinar og livesending, finn du på brannvernforeningen.no.

– Vi håper så mange som mogleg nyttar neste veke til å auka kunnskap om branntryggleik i familien, og å gjennomføra ei brannøving heime, seier branninspektør Aleksandra Kamieniecka.

Bjørnafjorden brann og redning vil informera gjennom veka via si Facebook-side.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.