Eigedom | 26. sep. 2019

Kva har arkeologane funne på Hjelle?

Sjå stor bildeserie: Klare teikn på aktivitet, spesielt frå bronsealderen, er arkeologane sin teori til no.

Kva har arkeologane funne på Hjelle?
Alex Storm Skoglund er ein av dei seks arkeologane som i desse dagar grev etter spor frå tidlege osingar på Hjelle. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 26. sep. 2019 11:57

Bildeserie:

Interessante funn vert merka og registrert undervegs. (Foto: KOG)
Interessante funn vert merka og registrert undervegs. (Foto: KOG)
Kan dette vera ei gravrøys? (Foto: KOG)
Kan dette vera ei gravrøys? (Foto: KOG)
Her har botanikarar vore og henta ut prøver av jordsmonnet. (Foto: KOG)
Her har botanikarar vore og henta ut prøver av jordsmonnet. (Foto: KOG)
Spor av eld? (Foto: KOG)
Spor av eld? (Foto: KOG)
Denne formasjonen vil arkeologane sjå nærare på. (Foto: KOG)
Denne formasjonen vil arkeologane sjå nærare på. (Foto: KOG)
Det er klare teikn til tidleg busetningsaktivitet på området. (Foto: KOG)
Det er klare teikn til tidleg busetningsaktivitet på området. (Foto: KOG)
Seks arkeologar skal grava i seks veker på Hjelle. (Foto: KOG)
Seks arkeologar skal grava i seks veker på Hjelle. (Foto: KOG)
Til no har dei opna 1.600 kvadratmeter jord. (Foto: KOG)
Til no har dei opna 1.600 kvadratmeter jord. (Foto: KOG)
«Moderne boss» har òg blitt funne. (Foto: KOG)
«Moderne boss» har òg blitt funne. (Foto: KOG)
På tysdag fekk arkeologane besøk av tredjeklassingar frå Os barneskule. (Foto: KOG)
På tysdag fekk arkeologane besøk av tredjeklassingar frå Os barneskule. (Foto: KOG)
Spørsmåla var mange til formidlar Louise Bjerre Petersen. (Foto: KOG)
Spørsmåla var mange til formidlar Louise Bjerre Petersen. (Foto: KOG)
– Her trur vi det kan ha stått eit stort hus, fortel Petersen. (Foto: KOG)
– Her trur vi det kan ha stått eit stort hus, fortel Petersen. (Foto: KOG)
Dahl, Petersen og Skoglund viser storleiken huset kan ha hatt. (Foto: KOG)
Dahl, Petersen og Skoglund viser storleiken huset kan ha hatt. (Foto: KOG)
Skoglund fortel om kjekke dagar på Hjelle. (Foto: KOG)
Skoglund fortel om kjekke dagar på Hjelle. (Foto: KOG)
– Kva er dette? (Foto: KOG)
– Kva er dette? (Foto: KOG)
Dahl tek ein nærare titt. (Foto: KOG)
Dahl tek ein nærare titt. (Foto: KOG)
1 av 16

I samband med etablering av ny barneskule på Hjelle gjennomførde Fylkeskommunen først ei forundersøkjing for to år sidan.

Det vart opna totalt 35 sjakter, og funna dei gjorde då leia til utgravningane som i desse dagar pågår.

Opna 1.600 kvadratmeter

Utgravingsleiar og arkeolog Yvonne Dahl fortel at seks arkeologar frå Forminneseksjonen ved Universitetsmuseet har vore i sving på Hjelle i snart seks veker no. I tillegg har det vore studentar frå NTNU og botanikarar frå Universitet i Bergen innom undervegs.

Basert på dei resultata som Fylkeskommunen gjorde for to år sidan har arkeologane no konsentrert seg om fleire interressante område.

– Vi hadde eit mål om å få opna 3.000 kvadratmeter, men arbeidet har så langt vore tidkrevjande med mellom anna mykje leire, myr og vatn. No konsentrerer vi oss om å få fullførd undersøkinga i dei felta og sjaktene vi har opna.

Tidlege osingar i området

Dahl fortel at dei tidlegaste kjende spor etter busetnad og «tidlege osingar» ligg på Hauge og Lurane, kor det er kjende funn av jordbruk frå siste del av steinalder (Undersøking i 2012 -2014).

– Vi har i tillegg kjende synlege kulturminne som haugar, gravfelt og røyser, samt funn av gjenstandar frå fleire forhistoriske periodar på Hauge og vidare innover mot Hjelle, særleg frå bronse og jernalder, så skuletomta ligg heilt klart i eit område kor det har vore aktivitet i fleire tusen år.

Lokal danske

Ein av arkeologane som jobbar på Hjelle er danske Alex Storm Skoglund.

Fram til nyleg hadde Skoglund budd fleire år i Os, men no har han og sambuar og arkeolog-kollega, Louise Bjerre Petersen, flytta til Fusa.

Skoglund er nyleg ferdig med masteroppgåve, og han fortel om fine dagar på Hjelle.

– Det er jo drøymejobben eg held på med. Joda, det er til tider vått og kaldt, men eg får jobba med noko eg tykkjer er utruleg spanande, og når vi no grev i Os har eg ikkje lange vegen til jobb heller.

Sjølv om Petersen ikkje er med på denne utgravinga, har ho likevel noko med prosjektet å gjera i jobben som formidlar ved formidlingsavdelinga ved Universitetet i Bergen.

– Eg var med på forundersøkinga for to år sidan, men i dag skal eg ta imot tredjeklassingar frå Os barneskule for å fortelja og visa dei kva vi held på med.

Øl-brygging eller tørking av korn?

På spørsmål om kva dei har funne til no, kan utgravingsleiar Dahl greia ut følgjande;

– Vi har funne tydelege teikn på busetningsaktivitet her, dei er truleg frå bronsealder, altså om lag 3000 år gamle. Vi har gjort ei rekkje interessante funn som fossile åkre, steingroper, steinrøyser, stolpehol, eldstadar og produksjonsanlegg.

Dahl fortel at det på nabogarden Valla, er det eit berg kalla Bjørkehaugen, registret som ein bergkunstlokalitet med eit 30-tals skålgroper, noko som gjer at funna på Hjelle fell inn i bildet av eit område med stor og variert aktivitet i forhistoria.

– Det er utfordrande å skjøna eksakt kva type anlegg vi har med å gjera her på Hjelle inneber, men vi veit at det har med både jordbruksaktivitet og busetning å gjera.

– Mogleg kan området først ha hatt ein funksjon til liks med det vi kjenner som ei seter-drift med slått og beite. Kanskje låg ikkje sjølve garden her, men vi veit at det tidlegare gjekk ei elv her, og både vasstilgong og myrjord var attraktivt for ulike utmarksaktivitetar som ølbrygging og anna aktivitet som krev mykje vasstilgong- dette er teoriar vi skal jobba vidare med, seier Dahl.

– Hadde dei bålet inni huset?!

Rundt Petersen er diskusjonen godt i gang.

Tredjeklassingane fyrer laus med gode spørsmål og betraktningar kring kva arkeologane eigentleg driv med. At det som truleg kan vera eit 3.000 år gammalt bål ikkje ligg grunnare enn det gjer, forbausar både ungar og lærarar.

Når Petersen, saman med Dahl og Skoglund stiller seg opp med pålehol for å visa kor stort eit hus kan ha vore rundt bålet, er neste spørsmål; hadde dei bålet inni huset. Kva med taket då?

Før ungane takkar for besøket med ein song til arkeologane, får dei òg prøvd ut korleis det er å laga ei gravrøys.

Under steinane legg dei ein Playmobil-mann.

Konklusjonen kjem

Dahl fortel at ein endeleg rapport om teigane på Hjelle vil koma om eit års tid. Då vil nok teoriane vera styrka og meir utferdiga, og pollenprøvane som botanistane har teke, vil òg seia noko om landskapsutnytting, klima og kva type vekstar som har blitt dyrka opp gjennom åra.

– I den siste tida vi har att av gravinga vil vi fokusera mykje på dei store steinstrukturane vi har avdekka. Mellom anna får vi inn ein arkeolog frå Island som vil grava ut det vi trur kan vera ei gravrøys. Om ho finn spor frå menneske, vil det nok vera snakk om brente beinrestar - å finna heile skjelett er ikkje vanleg med det klimaet og jordsmonnet vi har på Vestlandet.

Om nokre veker flyttar arkeologane ut, og alt skal vera klart til byggestart i desember. Og trudde du at det berre har dukka opp spor av fleire tusen år gamle osingar, kan Skoglund fortelja at i tillegg til kvardags-avfall frå 1800-talet vart det òg funnen ein Drageset-plastpose under utgravinga …

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.