Kultur | 24. mai 2019

Kva har Ulvsund og Symrasalen til felles?

Hugsar du svermeriet og tjuveriet? Originalskulpturen har no fått ein stad å stå. Lokalisasjonen er ikkje tilfeldig.

Kva har Ulvsund og Symrasalen til felles?
Rett før 17. mai kom originalversjonen av Ulvsund-skulpturen på plass utanfor Symrasalen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mai 2019 11:40

Bildeserie:

Etter tjuveri i 2013 kom ny versjon på plass i Ulvsund i 2014. (Foto: KVB)
Etter tjuveri i 2013 kom ny versjon på plass i Ulvsund i 2014. (Foto: KVB)
Så blei den gamle funnen. Her i hendene til Henrik Askvik. (Foto: Andris Hamre)
Så blei den gamle funnen. Her i hendene til Henrik Askvik. (Foto: Andris Hamre)
No er versjon 1 på plass utanfor Nore Neset Aktivitetshus. (Foto: KOG)
No er versjon 1 på plass utanfor Nore Neset Aktivitetshus. (Foto: KOG)
1 av 3
Etter tjuveri i 2013 kom ny versjon på plass i Ulvsund i 2014. (Foto: KVB)
Så blei den gamle funnen. Her i hendene til Henrik Askvik. (Foto: Andris Hamre)
No er versjon 1 på plass utanfor Nore Neset Aktivitetshus. (Foto: KOG)

Då norenesingane feira 17. mai kunne dei gle seg over at ein 17 år gamal skulptur har blitt montert utanfor Symrasalen i Nore Neset Aktivitetshus.

– Vi er veldig glade for at den blei plassert her, og vi ser at den vekker mykje positiv merksemd hos både vaksne og ungar, seier dagler leiar i Stiftinga Nore Neset Aktivitetshus, Karin Bøyum.

Bronseskulpturen er laga av kunstnar Vidar Bratlund Mæland, på oppdrag av Henrik Askvik og kameraten Kurt Ove Engeseth.

Tjuveri og funn

Det var hormusikk, avduking av ordførar Terje Søviknes, over 50 båtar med publikum og festmiddag på Askvik Sjø og Fritid då skulpturen «Havjomfruen og Hippolytus» blei avduka i Ulvsund i slutten av august 2002.

Hausten 2013 blei den stolen. Ny versjon blei støypt i dei gamle formene og montert i 2014, to år seinare blei originalen funnen i eit skoholt og levert anonymt til Os lensmannskontor.

Kvar skulpturen skulle stå, då den allereie var erstatta, var den gong uklart.

Symrasalen blei bestemt, men så gjekk det litt tid å finna ein god sokkel. Der fekk dei hjelp av entreprenør Villi Grindevoll.

For mykje mimring?

Namnet Havjomfruen og Hippolytus stammar frå gresk mytologi og historia om Hippolytus.

- Vi har drege historia litt lengre og ser for oss at ei havjomfru fekk medkjensle for Hippolytus, og henta han opp frå djupet, sa Henrik Askvik etter avdukinga i 2002, ikkje redd for å dikta sine eigne gudehistoriar.

Bakgrunnen for at Henrik og Kurt bestilte skulpturen var at dei hadde sete med utsikt mot Ulvsund og mimra om svermeri i friluftsområdet i ungdomsåra.

– Då vi brått sto med to skulpturar, og etterkvart fekk prata om plassering, kunne vi ikkje koma på noko betre plass enn utanfor Symrasalen, seier Henrik i dag.

Symrasalen er kalla opp etter det tidlegare ungdomshuset Symra på Skeie.

– Vi har fleire tilsvarande minne frå Symra som frå Ulvsund, humrar Henrik.

– Dessutan er kona mi (Susan Askvik frå revygruppa Nor og ne) i Symrasalen på øving og zumba kvar veke. At ho må gå forbi denne skulpturen med fast frekvens kan jo vera ein grei påminnar om at det gjeld å halda seg i vigør så ikkje gubben skal måtta mimra altfor mykje, legg han modig til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.