Lokal | 17. juni 2016

Kva meiner politikarane?

Folket har sagt sitt om kommunesamanslåing. Kva tenkjer politikarane om resultata, og kva vil dei sjølv stemme når dei skal seie sitt torsdag? Vi gjer deg svara.

Kva meiner politikarane?
Terje Søviknes (Frp), Helge Steinum (Ap), Marie Bruarøy (H), Jakob Enerhaug (Krf), Nils-Anders Nøttseter (MDG), Jon Sivert Rykkel (V), Terje Sperrevik (TvS), Siren Tømmerbakke (Sp) (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 17. juni 2016 08:00

Torsdag i neste veke tek politikarane i kommunestyret stilling til ei eventuell samanslåing med Fusa.

Tidlegare denne veka fekk vi resultata frå meiningsmålinga blant innbyggjerane i Os og Fusa, kor 52% av fusingane er positive og 22% nøytrale. I Os var tilsvarande tal 38% positive og 37% nøytrale.

Vi spurde på e-post torsdag morgon dei som skal avgjera saka neste veke, nemleg politikarane om kva dei meiner. Til partia stilte vi to spørsmål:

1. Er du overraska over dei svara/resultata som kom fram i meiningsmålinga(ne)?

2. Har ditt parti bestemt seg for om de vil seia ja eller nei, og eventuelt kva har de bestemt dykk for?

I løpet av 24 timer har vi fått svar frå seks av dei åtte partia i kommunestyret. Nedanfor kan du lesa kva kvar av dei svarte på dei to spørsmåla våre.

Terje Søviknes (Frp), 14 representantar:

1. Nei, frå FrP si side er vi ikkje overraska over svara. Eg tippa personleg eit marginalt JA frå Fusa og ein litt meir avventande og nøytral haldning i Os. Det blei ein innertiar :-)

Samla er det mest interessante at det i båe kommunane er eit stort fleirtal på omlag 75% som enten er positiv eller nøytral til samanslåing av Os og Fusa, det vil seie at det er inga stor folkeleg motstand mot ei samanslåing.

2. FrP si gruppe har møte torsdag kveld for å ta stiling til saka. Vår haldning så langt har vore positiv til ei samanslåing.

Midtsiden har etter gruppemøtet i Frp fått ei oppdatering frå Søviknes: Haldninga er positiv, men vi har fristilt representantane.

Helge Steinum (Ap), 7 representantar:

1. Nei, eg er ikkje så veldig overraska over resultata i meiningsmålinga for Os. Når det gjeld Fusa håper eg at folk vil slå seg saman med Os basert på fri vilje og ikkje at det er dei økonomiske konsekvensane ved å stå aleine som tvinger fram denne relativt høge viljen til å slå seg saman med Os.

Om det er ein ting som kanskje ikkje var heilt som venta så var det resultatet blant dei unge i Os.

2. Vi har ein tradisjon i Os Arbeiderparti for at alle som sit i kommunestyret står fritt til å stemme etter eigen overbevisning og det gjeld også i denne viktige saka. Vi har nok konkludert dei fleste av oss kva vi vil stemme og det gjer vi i kommunestyresalen på onsdag, samtidig som resten av kommunestyret i Os og kommunestyret i Fusa.

Marie Bruarøy (H), 4 representantar:

1. Eg er ikkje overraska over resultata etter å ha vore på folkemøta i begge kommunane, og høyrd litt på kva innbyggjarane meinar.

Faktisk så vart resultata omtrent akkurat slik eg hadde spådd.

2. Os høgre skal ha gruppemøte i kveld. Vi fristiller gruppa, men eg har inntrykk av at dei fleste i partiet er for samanslåing og ser verdien av å verta ein større kommune sør for Bergen, når det då ligg an til ein større kommune vest og ein nord for Bergen.

Jakob Enerhaug (Krf), 2 representantar:

1. Eigentleg ikkje. Meiningsmålinga stadfester at det er eit fleirtal som er for samanslåing med Fusa, men at det ikkje er noko "folkekrav" om det. Folk er positive, men dei trur ikkje det vil medføre så mykje endringar for oss i Os. Vi må nok erkjenne at det ikkje er eit stort folkelig engasjement for det.

Når det gjeld Fusa er eg litt overraska. Dei er langt meir positive enn det eg forventa. Målinga indikerer mellom anna at innbyggjarane i Fusa har tru på betra politisk styring og betre tenester i ei ny kommune.

2. For min del er eg positiv til samanslåing, men vi drøftar framleis dette internt i partiet.

Nils-Anders Nøttseter (MDG), 2 representantar:

1. Lite overraska, sjølv om eg ikkje trudde Fusafolket skulle vera så positive. Kanskje eg hadde forventa omvendt resultat, at Fusa kunne hamna begge vegar (med liten margin) og Os var litt meir over på positiv side. Det kunne også vore større forskjellar på det eg oppfatta politisk og det som var resultat av meiningsmåling, men alt i alt er vi omtrent der vi trudde vi skulle enda etter denne prosessen.

2. Vi kjem nok til å stemma for denne avtalen. Vi trur nok at Os kommune hadde klart seg fint åleine framover, men det er to tungtvegande argument som ein må ta med seg når ein skal vurdere saka:
a) I denne reforma (som vi forstår kjem, kanskje med tvang) så er det viktig å strekkja ut ei hand til dei som ligg rundt oss og treng ei løysing.
b) Det blir endringar om vi slår oss saman, men det blir truleg også endringar om vi ikkje slår oss saman, så status quo er truleg ikkje eit alternativ for tenestesamansetninga i kommunelandskapet. Ein må også hugse på at vi står midt i ein regionreform og tenester kan flyttast i alle ledd. Det blir spanande å sjå resultatet for heile kartet om eit år.

Eg trur dette kjem til å gå heilt greit for osingane anten vi slår oss saman eller ei, og det trur eg innbyggjarane også tenkjer, noko som i grunn matcher undersøkinga. Eg trur det er litt skumlare for fusingane som skal gå saman med ein større kommune, difor er tilnærminga i intensjonsavtalen viktig, at Fusa ikkje berre blir eten av ein større aktør, men er ein likeverdig part. Ein vert litt freista til å sjå kor lite interessert Os er i å vurdera Bergen som samarbeidspartnar, sjølv om det sjølvsagt er ein heilt annan sak.

Jon Sivert Rykkel (V), 2 representantar:

1. Eg er positivt overraska over at fleirtalet av spurde fusingar stiller seg positiv til samanslåing. Samstundes registrerer eg at relativt få osingar er i mot, noko eg opplever som bra for ei eventuell samanslåing. Eg skulle gjerne sett at enno fleire av dei spurde osingane hadde gjort seg opp ei meining.

2. Vi kjem til å stemme for samanslåing med Fusa.

Siren Tømmerbakke (Sp), 2 representantar:

1. Ja. Eg var spent på resultatet, og hadde venta at folk i Fusa var meir negative til kommunesamanslåing. Når det er så stor skilnad i innbyggjartalet i dei to kommunane hadde ein kanskje venta at den minste kommunen var mest skeptisk til samanslåing. Det var også interessant å sjå at det var dei unge som er mest skeptiske. Ein skulle kanskje tru at det var omvendt.

På folkemøtet i Oseana opplevde eg folk som stort sett positive. Oppmøtet var ikkje så godt, men hadde det vore stor motstand mot samanslåing trur eg folk hadde møtt opp og sagt i frå. Stemninga på møtet, og resultata frå meiningsmålingane, tolkar eg som at det ikkje er stor motstand mot ei samanslåing. Folk har tru på at ein kan få til ei samanslåing av dei to kommunane.

2. Senterpartiet er eit parti som har markert seg i motstanden mot kommunereforma. Partiet har lagt vekt på argument som at reforma kan føre til auka sentralisering og at lokaldemokratiet får dårlegare kår i større kommunar. Vi er også kritiske til at regjeringa vil endre inntektssystemet og slik presse kommunane til å slå seg saman.

Vår oppgåve som lokalpolitikarar er å finne gode løysingar for den situasjonen vi er i. I Os Senterpartilet legg vi vekt på fleire tilhøve som talar for at vi bør gå saman med Fusa. Os er ein kommune med lite areal, og vi ligg tett på Bergen. Vi ynskjer ikkje å bli ein bydel i Bergen. Vi trur ei samanslåing med ein arealrik kommune som Fusa kan redusere noko av presset på areala i Os. Etter arbeidet med intensjonsavtala har vi tru på at det er mogleg å få til eit godt samarbeid. Det er spesielt viktig at vi klarar å oppretthalde eit godt kommunalt tenestetilbod på begge sider av fjorden. Klarar vi det, meiner Senterpartiet i Os at ei samanslåing kan bli positiv for utviklinga både i Fusa og Os. Det er godt å sjå at det er stemning for samanslåing også blant folk i Fusa. På kommande kommunestyremøte vil vi stemme for samanslåing.

Saka vil bli oppdatert med svar frå Terje Sperrevik (TvS). TvS har to representantar i kommunestyret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.