Sport | 17. sep. 2014

Kva senter passar deg best?

Den siste månaden har talet på treningssentre i Os blitt dobla. Kven er best på kva?

Kva senter passar deg best?
Øvst frå venstre: Sprek og Blid og Energi Trening, nede frå venstre; Aktiv 365 Xpress og Actic. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. sep. 2014 19:13

Frå før har vi Actic på Kuventræ og Sprek og Blid med Express-avdeling i Holtbrekka. I august opna Aktiv 365 i Brugata i Os sentrum og i starten på september opna Energi Trening i Irisgården i Hamnevegen.

Vi har hatt ein prat med alle drivarane, om kva dei tenkjer om at det no har kome fleire sentre i Os og om kva dei meiner deira treningssenter er best på.

Men først, ei kort oppsummering med samanlikning på pris og storleik:

Størst i areal
1. Sprek og Blid: 1800 kvm (+ 306 på Sprek Express)
2. Energi Trening: 870 kvm
3. Actic: 600 kvm
4. Aktiv 365 Xpress: 550 kvm
5. Sprek Express: 306 kvm

Lågast pris (Ordinær pris. Evt innmeldingsavgift kjem i tillegg)
1. Aktiv 365 Xpress: 247 kroner per mnd
2. Sprek Express: 250 kroner per mnd
3. Energi Trening: 275 kroner per mnd
4. Actic: 339 kroner per mnd
5. Sprek og Blid: 495 kroner per mnd

Men det er mange andre faktorar som kan vera avgjerande for deg som kunde, frå utval til type treningsform og bemanning.

Er du morgonfugl eller utprega B-menneske?

I intervjua med leiarane ved kvart senter ser du kva kvar enkelt meiner er deira styrke, kva opningstider dei har og kva tider du sjølv kan låsa deg inn i ubemanna senter.

Actic Os

Actic Os no også med personlege trenarar (PT). Tilgang til alle Osbadet sine fasiliteter kvar vekedag.

– Det er kjekt å kunne fortelja at tre av dei tilsette no er sertifiserte personlege trenarar. Dette gjer at vi blir endå sterkare på instruksjon og kan halda fram med å ivareta og hjelpa kundane på den beste måten, fortel dagleg leiar Sølvi Ann Bahus.

– I tillegg er avtalen med Osbadet utvida til å omfatta alle deira fasiliteter, anten det er badstove, terapibasseng eller idrettsbassenget. Svømming er ei særs god trening om ein slit med skade eller er i ein rehabiliteringssituasjon.

– Det at vi no er fire aktørar på treningssentermarknaden har vi veldig roen på, det er berre sunt. Det gjer at vi må vera skjerpa heile tida, samstundes som eg er trygg på at vi har eit produkt som fungerer og tilsette som vil gjera sitt ytterste for at kundene skal trivast hos oss, seier Bahus.

Totalt areal: 600 kvm
Opningstider: 08.30-21.30 mån-fre, 10.00-17.00 laurdag, 1100-18.00 søndag.
Betjent opningstider: I senteret si opningstid
Ordinær pris per mnd: 339,-
Nøkkelkort: 0,-
Administrasjonsgebyr: 0,-
Innmeldingsavgift: 300,-

Treningstilbod:
Apparater: ja
Frivekter: ja
Kondisjon/mosjon: ja
Funksjonell trening: ja
Saltimer: ja
Personleg Trenar (PT): ja

Anna: Tilgang på Osbadet sine fasilitetar alle kvardagar. Gratis instruksjonstime med helseanlyse, tilrettelagt personleg treningsprogram, vegleiing. 16 forskjellige saltimar, mellom anna med spinning, kombinerte timar (styrke/kondisjon), dans, tabata og funksjonell trening. Eigen seniortrening og vanntrening. Actic Ungdom – trening for ungdom 12 til 15 år med eigne prisar og vegleiing/instruksjon.

Aktiv 365 Xpress Os

Aktiv 365 Xpress med spesialutvikla treningsapp til bruk både i og utanfor senteret.

– Det som nok skil oss mest frå konkurrentane er treningsappen vår kor du får treningstips, kan kommunisera med ein personleg trenar om du ønskjer, og ha dei programma du skal trena etter med deg over alt. Appen fungerer også utanfor senteret, så om du er på reise og trener i hotellet sitt treningsrom eller ute i naturen, så får du forslag til øvingar du kan gjera, forklarer eigar Tor Fredrik Kayser Berg.

– Teknologien har kome langt og det utnyttar vi. Men vi har òg instruktørar på senteret, i dei tidene det er mest folk, som hjelper deg å setja saman treningsprogrammet og som kjem med vegleiing og gode tips.

– Vi liker å samanlikna oss litt med Norwegian. Hos oss skal betaler du for det du bruker, ikkje alt anna. Vi skal vera konkurransedyktige på pris. Difor fryktar vi ikkje konkurransen. Den gjer oss berre skjerpa. Ikkje minst for kundene trur eg den er veldig bra. Marknaden blir berre større med så mange sentre og kundane får sjansen til å det som passar dei best. Hos oss er du velkommen som du er, vi legg ikkje nokre føringar på korleis du kler deg eller liknande, seier Kayser Berg.

Totalt areal: 550 kvm
Opningstider: 05.00-24.00 sju dagar i veka, 365 dagar i året.
Betjente opningstider: 16.00-21.00 på kvardagar. Vil bli tilpassa etter kvart.
Ordinær pris per mnd: 247,-
Nøkkelkort/armband: 250,-
Administrasjonsgebyr: 0,-
Innmeldingsavgift: 0,-

Treningstilbod:
Apparater: ja
Frivekter: ja
Kondisjon/mosjon: ja
Funksjonell trening: ja
Sal-/gruppetimar: nei
Personleg Trenar (PT): Ja + via app.

Anna: Treningsvegleiing både i senter og via treningsapp, cross-fitstasjonar, nøkkelkort som òg fungerer som personleg nøkkel til garderobeskap.

Energi Treningssenter Os

Energi Treningssenter er det sist opna treningssenteret i Os. Med virtuelle hjelpemiddel skal dei gjera treninga betre og billigare, men samstundes med personleg service.

– Målet vårt er å gjera trening betre og billigare. Det gjer vi gjennom eit produkt av veldig høg kvalitet, men likevel rimelig for kundane. Vi har ei bemanning av dyktige medarbeidarar og personlege trenarar som hjelper deg og skaper eit godt treningsmiljø, fortel eigar Fritz Warncke.

– Folk må rett og slett koma og prøva oss og sjå sjølv at vi held det vi lover.

– Når det gjeld konkurrentane så har eg stor respekt for dei, men vårt konsept er annleis. Erfaringsmessig så stel vi ikkje kundane frå kvarandre, men vi får fleire til å byrja å trena eller ta opp igjen treninga si, seier Warncke.

Totalt areal: 870 kvm
Opningstider: 0500-2300, 365 dagar i året.
Betjent opningstider: 0900-2100 mån-tors, 0900-1800 fre, 1200-1600 laur og sun.
Ordinær pris per mnd: 275,-
Nøkkelkort/armband: 250,-
Administrasjonsgebyr: 0,-
Innmeldingsavgift: 0,-

Treningstilbod:
Apparater: ja
Frivekter: ja
Kondisjon/mosjon: ja
Funksjonell trening: ja
Saltimer: nei
Personleg Trenar (PT): ja

Anna: Virtuell spinning, Plateload – ein mellomting mellom frivekter og magasintrening, slynger, Multistasjon kor ein trener heile kroppen, både styrke, kondisjon og funksjonelt. Stasjonen nyttast også i gruppetrening med personleg trenar (PT). PT og treningsveiledning individuelt og i grupper. 18 års aldersgrense, singlet-forbod (gjeld sjølvsagt begge kjønn).

Sprek og Blid Os

Det eldste treningssenteret i Os gler seg over at stadig fleire kjem seg ut av sofaen og på trening.

– Det at det no er fire aktørar på treningssentermarknaden i Os er jo eigentlig positivt. Vi har alle eit felles mål, nemleg å få flest mogleg til å vera aktive og ta vare på si eiga helse.

– Folk har forskjellige ønsker til korleis deira treningssenter skal vera. Hos oss får dei personleg service, gratis vegleining og personlege treningsprogram heile tida mens dei er medlemmar i eit av landets best utstyrte treningssenter på både kvalitet og utvalg. Alle medlemmane våre kan og nytta vår Sprek Express-avdeling for kun kr 250,- per år.

– Vi har godt utdanna personlige trenarar som kan hjelpa dei som treng litt ekstra «pushing» og oppfølging. Den eine av desse er både fysioterapeut og PT og kan vel ivareta dei som slit med ulike skadar eller sjukdommar. I tillegg har vi nært samarbeid med både behandlande fysioterapeut og kiropraktor som òg held til i huset, fortel dagleg leiar Toril Dale.

Totalt areal: 1800 kvm
Opningstider: 0630-2200 (man, ons), 0700-2200 (tir, tor, fre), 1000-1800 (lør), 1200-2130 (søn)
Betjent opningstider: heile senteret sine opningstider
Ordinær pris per mnd: 495,-
Medlemskort: 100,-
Administrasjonsgebyr: 250,-
Innmeldingsavgift: 0,-
Eigne prisar for senior og skuleelevar.

Treningstilbud:
Apparater: ja
Frivekter: ja
Kondisjon/mosjon: ja
Funksjonell trening: ja
Saltimer: ja

Anna:
Saltimer omfattar 54 gruppetimer i uka, inkludert i medlemsskapet. Timene er forskjellige og rettar seg mot: styrke, kondisjon og funksjonell trening som til dømes slyngetrening. Eigne grupper for seniorar. Fredagar avsluttast veka med kaffi og vaflar. For dei minste fins dei populære FunkyKidz kursa kvar sesong. Squashbane.

Sprek Express

Sprek Express er Sprek og Blid Os sitt ubetjente døgnopne tilbod.

– Sprek Express var det første døgnopne treningssenteret i Os. Der låsar folk seg inn sjølv og gjer den treninga dei ønsker. I motsetnad til på hovudsenteret tilbyr vi ikkje gratis vegleiing på dette senteret, men du kan kjøpa tenester som både vegleiing og personleg trenar, fortel dagleg leiar Toril Dale.

Totalt areal: 306 kvm
Opningstider: døgnope 24/7
Betjent opningstider: nei
Ordinær pris per mnd: 250,-
Nøkkelkort: 150,-
Administrasjonsgebyr: 250,-
Innmeldingsavgift: 0,-

Treningstilbod:
Apparater: ja
Frivekter: ja
Kondisjon/mosjon: ja
Funksjonell trening: ja
Saltimer: nei
Personleg Trenar (PT): ja

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.