Kultur | 23. des. 2019

Kva skjer i Os i jula?

Romjulsblues, fotballkampar og konsertar i sentrum, Hegglandsdalen, Lysefjorden og Nore Neset.

Kva skjer i Os i jula?
Osbygda byr blant anna på Blue Note Shuffle, sportsbar, Bighorn Butterboys og Kivi i romjula. (Alle foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. des. 2019 13:38

I kveld skal freden seinka seg, onsdag brakar det for mange laus med det som kanskje er årets største utelivsdag i Os; første juledag!

Kva er planen til utestadane i Os, kva kampar går på sportsbaren Boxing Day/2. juledag og kva dag landar romjulsbluesen på Peppes på i år?

– På Baronessen har vi hatt ein hektisk og svært folksam innspurt til jul, med To Vitse Menn og påfølgjande konsertar, så vi tar ned tempoet litt og har open pub utan livemusikk for dei som vil ut og slå av ein prat, seier Jostein Eck.

– Men på Catten Nightclub blir det nok som vanleg kø frå klokka 23 og ut natta første juledag, livleg i sportsbaren andre juledag og ei spennande helg før nyttårsfesten, legg han til.

Liens Musikkbar har fleire konsertar.

– Første juledag er alltid folksam, andre juledag blir kanskje endå meir livleg i år, sidan det dagen etter er ein inneklemt fredag, seier Kristine Lygren Lien.

– Elles har vi tru på god oppslutnad både om det populære ettermiddagskonseptet Migthy-Good Lørdag, og om Kivi-konserten, der vi allereie er godt i gang med billettsalet.

Same kveld speler Blue Note Shuffle sin årelege romjulsblues på Peppes.

I tillegg er det dans i Lysefjorden med Golvkaldt på scenen, og rekefest med cowboymusikk (Bighorn Butterboys) i Hegglandsdalen i romjula. Bighorn Butterboys rundar òg av den store Lille Nyttårsaften-festen på Nore Neset måndag.

Kultukalender for jula i Os

(Manglar vi noko i kalenderen? Send til tips@midtsiden.no)

Onsdag 25/12, 1. juledag
Baronessen: Pubkveld
Catten: Nattklubb
Liens: DJ Osablod frå kl 22
Ungdomshuset i Øyane: Juladans. Camp David speler frå kl 22

Torsdag 26/12, 2. juledag
Liens: Pubkveld
Catten: Nattklubb

Catten: Boxing Day i sportsbaren.
Her er nokre av kampane som går denne dagen:
16.00 Chelsea - Southampton
18.15 Leeds - Preston North End
18.30 Manchester United - Newcastle United
21.00 Leicester City - Liverpool

Fredag 27/12
Baronessen: Pubkveld
Catten: RomjulsQuiz frå kl 20
Liens: Romjulsjam frå kl 20.00
Ungdomshuset i Hegglandsdalen (Dølatun): Romjulsfest med rekebord, Bighorn Butterboys speler.

Laurdag 28/12:
Baronessen: Pubkveld
Catten: Nattklubb
Liens: Mighty-Good Lørdag frå kl 16
Liens: Konsert med Kivi frå kl 22
Peppes Pizza/Bar(t): Romjulsblues 2019, Blue Note Shuffle kl 21.30
Ungdomshuset i Lysefjorden: Romjulsdans, bandet Golvkaldt speler.

Måndag 30/12: Vesle nyttårsaftane
Nore Neset Aktivitetshus: Osfest-arrangørane sitt årlege «Lille Nyttårsaften».
Dørene opnar 18.30.
20.00: Vivillain
22.00: This Was My Life
00.00: Bighorn Butterboys

Tysdag 31/12: Nyttårsaftan
Catten: Nyttårsfest frå kl 23.00

Artikkelen kan bli oppdatert med fleire arrangement.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.