Lokal | 01. aug. 2018

Kva toler brua?

Før Finnebrekka kan stengjast for gjennomkøyring må kommunen finna ut kva last gamlebrua over Oselva toler.

Kva toler brua?
Toler gamlebrua over Oselva tungtransport. Det skal kommunen no undersøka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. aug. 2018 09:28

Under eit folkemøte om moglegheitsstudien for Finnebrekka i november tok bebuarar i området opp trafikksituasjonen med mykje gjennomgangstrafikk. Dette fekk leiar i trafikksikringsutvalet og plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus til å ta ein telefon til samferdselsansvarleg Agnete Haugland for å høyre om kva som kunne gjerast.

I januar kom vedtaket frå Statens Vegvesen som sa at skilta «Forbudt for motorvogn» og «Gjeld gjennomkøyring» skulle settast opp.

Ei fare for skuleborn

Denne veka fekk Midtsiden ein henvendelse frå ein av beburarane i Finnebrekka som lurte på kva som skjer, i og med at skilta ikkje har kome opp.

– Det ville vera flott om det blei ordna før skulestart. Dette bør vera ein trygg skuleveg for born. Finnebrekka er diverre beplanta med høge og tette hekkar. I tillegg bruser elva høglytt haust og vinter. Med stor trafikk, i tillegg til at elbiler verken har lyd, eller bruker lys, utgjer trafikken gjennom Finnebrekka ein fare for skuleborna, skreiv lesaren til oss.

Utfordringa er at mange nyttar Finnebrekka som snarveg frå Hatvikvegen til skulane i sentrum eller for å unngå å stå i kø inn mot rundkøyringa på Osøyro.

Må løyse varelevering

Agnete Haugland fortel at det kanskje gjekk litt for kjapt då søknaden om nye skilt blei sendt inn til Statens Vegvesen.

– Det er verksemder innerst i Borgavegen som får levering av varer med store lastebiler og trailerar. Per i dag kan ikkje desse køyre over gamlebrua. Difor har ikkje skilta kome opp.

– No i august skal vi ha hovudtilsyn på bruer og kaier i Os kommune, så då skal vi få ein rapport på kva gamlebrua toler.

Vegvesenet må fatta vedtak

På spørsmål om det ikkje berre er å setta opp eit underskilt til som seier at forbodet ikkje gjeld varelevering forklarar Haugland at det ikkje er kommunen som bestemmer.

– Det er Statens Vegvesen som har skiltmynde og som må fatta eit slik vedtak. Men det er absolutt ein moglegheit å sende ein ny søknad kor vi ber om det. Vi vil i såfall gjera det etter at vi har fått status på brua.

– Eg er heller ikkje glad i den gjennomkøyringa som er i Finnebrekka spesielt med tanke på skuleungane, seier Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.