Lokal | 01. okt. 2019

Kvalvik blir kommunalsjef

Jarle Kvalvik (50) er tilsett som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune.

Kvalvik blir kommunalsjef
Jarle Kvalvik blir ny kommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Os kommune) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightysdag 01. okt. 2019 11:35

– Det er ei glede å melda at Jarle Kvalvik har takka ja til stillinga som kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, seier rådmann Christian Fredrik Fotland.

Jarle Kvalvik har lang fartstid frå offentleg sektor. I dag er han kommunalsjef for tekniske tenester i Askøy kommune. Før dette var han utbyggingssjef i Bergen kommune, der han hadde ansvar for heile investeringsporteføljen til kommunen.

Med ein master i Facility Management, ingeniør i marinteknikk og masterprogram i økonomi og leiing, har Kvalvik ei solid utdanning innan både tekniske fag og økonomisk/administrative fag,

Kvalvik har også vore kommunalsjef i Øygarden kommune, driftsdirektør i BOB og leiar for UiB Eiendom.

Oppstartstidspunkt for Kvalvik er ikkje klart enno. Lisbeth Axelsen held fram som konstituert kommunalsjef for Samfunnsutvikling fram til Kvalvik startar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.