Lokal | 26. okt. 2017

Kvar 5. osing fekk restskatt

I morgon kjem skattelistene. 2751 osingar skylder i snitt 28 919 kroner til staten.

Kvar 5. osing fekk restskatt
Avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal, Fastsetjing i Skatt vest (pressefoto)
Andris Hamretorsdag 26. okt. 2017 07:30

Endeleg skatteoppgjer for inntektsåret 2016 er no klart. Samanlikna med 2015 viser tala at fleire har pengar til gode, og færre får restskatt.

I Hordaland får 306 465 skattytarar til saman 3,82 milliardar kroner igjen på skatten. Det er eit snitt på 12 477 kroner på kvar. I fjor fekk 297 537 skattytarar gjennomsnittleg 12 782 kroner tilbake.

1 707,5 millionar i skatt og avgifter

Skatteetaten har for 2016 utligna heile 1 707,5 millionar kroner i skatt og avgifter til osingane. Dei fleste har vore flinke til å betala inn på forskot, 1 762,8 millionar har blitt betalt inn.

Skatteoppgjeret syner at 10996 personar har hatt 12182 i gjennomsnitt til gode frå staten. Samstundes har 2751 osingar betalt for lite inn. I gjennomsnitt har dei betalt 28919 kroner for lite inn, tilsaman 79,6 millionar kroner.

Du kan endre sjølv

Med ny skatteforvaltningslov som kom 1. januar i år, fastset du sjølv grunnlaget for skatten din når du oppgir inntekt, formue, gjeld og frådrag i skattemeldinga di.

− Oppdagar du noko som manglar eller er feil, treng du i dei aller fleste tilfella ikkje sende klage på skatteoppgjeret. No skal du endre desse opplysningane sjølv, og det kan du gjere opp til tre år etter leveringsfristen for inntektsåret 2016, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal, Fastsetjing i Skatt vest.

Endrar du opplysningar i skattemeldinga, fører det til ny skatteberekning. Skatteetaten har laga ein vegviser på sidene sine, som hjelper deg å endra skatteopplysingane sjølv.

− Det er mykje som kan endre seg i økonomien din gjennom året. Til dømes skifte av jobb eller endra sivilstand kan slå ut på skatteoppgjeret ditt - om du får pengar att eller restskatt. Eit mest mogleg rett skattekort er viktig for å få eit mest mogleg korrekt skatteoppgjer, seier Gjengedal.

Frå fredag 27. oktober blir skattelistene for inntektsåret 2016 tilgjengeleg for søk. Som i fjor må du logga deg inn for å sjå korleis nabo, slekt eller andre har kome ut. Søket er ikkje anonymt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.