Reise og turisme | 31. juli 2022

Kvar kjem dei utanlandske gjestane frå?

Lokal statistikk for juni viser Tyskland i særklasse, men også amerikanarane er tilbake.

Kvar kjem dei utanlandske gjestane frå?
Folk har byrja å fly igjen, ikkje berre ut av landet, men til Noreg, Os og Solstrand, der dette skiltet står. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. juli 2022 08:14

Før helga kom SSB med overnattingsstatistikk for juni.

Den viser at det var om lag 4,5 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder førre månad.

Det er nesten 1,8 millionar fleire enn juni i fjor, ein auke på 64 prosent.

Utanlandske overnattingar auka med 1,3 millionar og var berre 7,2 prosent lågare enn i 2019, året før pandemien.

– Etter at reiserestriksjonane vart fjerna ser vi at talet på utanlandske overnattingar i juni nærmar seg nivået i 2019.

– Det var fleire utanlandske overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i juni i år enn i 2019, medan det var færre utanlandske overnattingar på hotell, seier førstekonsulent Boyd Oyier i SSB.

Unike Solstrand opnar dørene igjen måndag 26. april etter fem månadar koronastengt hotell. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSolstrand opnar dørene igjen - med denne helsinga frå Børrea

Juni 2022 - heile Noreg

Prosent norsk/utanlandsk i parantes

Overnattinga totalt 4 632 246 (68/32)
Hotell og liknande 2.654.081 (68/32)
Campingplassar 1.466.894 (64/36)
Hyttegrender og vandreheim 417.104 (52/48)
Formidling av private fritidsbustadar 94.167 (32/68)

Andelen utanlandske gjestar er altså ganske lik innan hotell og camping, men noko større på hyttegrenser og klart størst innan formidling av private utleigebustadar.

Innan private utleigebustadar og camping er det også nedgang av norske (begge ned rundt 15 prosent) og ein vekst på over 3.0000 prosent i utanlandske overnattingar.

Vedholmen Landhandel andre pinsedag (6. juni), dagen med best vêr og høgast omsetnad den helga, men få store båtar å sjå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògBlir det berre småbåtar å sjå denne sommaren?

Statistikk for Bjørnafjorden kommune

Overnattingar etter gjestane sitt bustadland.

Tal for juni 2022 med juni 2021 i parantes:
Totalt 8.436 (4.868)
Norske 6.978 (4.828)
Frå utlandet 1.458 (40)

Tyskland 951 (4)
Polen 241 (28)
USA 99 (0)
Nederland 58 (1)
Belgia 24 (0)
Sveits 18 (0)
Storbritannia 15 (4)
Sverige 9 (0)
Canada 8 (0)
Frankrike 6 (2)
Danmark 6 (0)
Finland 4 (1)
Sør-Amerika 4 (0)
Sør-Afrika 4 (0)
Australia 3 (0)
Sør-Korea 2 (0)
Hellas 2 (0)
Italia 2 (0)
Ungarn 2 (0)

Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògDet bur 47 ukrainarar i Bjørnafjorden

Færre utanlandske hotellovernattingar enn før pandemien

Det var hotella, med nesten 2,7 millionar overnattingar som bidrog til det høge talet på overnattingar i juni.

Nordmenn foretok 1,9 millionar overnattingar og det var 706.000 utanlandske overnattingar.

Både norske og utanlandske overnattingar auka med over 600.000 frå juni i fjor.

F.v.: Børrea saman med Rune Pedersen, Frode Pettersen, Terje Klyve, Jermund Borgen og Bjarte Bøe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògInvesterer motstraums - i lokalt handverk

Det vart sett rekord for norske hotellovernattingar for juni.

– Det er framleis eit stykke til vi er på same nivå for utanlandske overnattingar ved hotella som før pandemien. Det var særleg færre gjestedøgn frå Asia. Til saman var det 110.000 færre gjestedøgn frå Kina, Japan og Sør-Korea samanlikna med juni 2019, seier Boyd Oyier.

I juni 2022 var talet på utanlandske hotellovernattingar om lag tre fjerdedelar av kva det var før pandemien.

I 2019 var det flest utanlandske overnattingar frå USA, Tyskland, Kina og Sverige.

Størst nedgang sidan 2019 har det vore i talet på overnattingar frå Kina, USA og Sør Korea. Talet på overnattingar frå Tyskland og Sverige var på om lag same nivå som i 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.