Lokal | 27. apr. 2012

Kvardagskjemi på Søfteland

VIDEO: Programleiar i "Ikke gjør dette hjemme" på NRK Per Olav Alvestad viste Søftelandselevane triks dei godt kan gjera heime.

Andris Hamrefredag 27. apr. 2012 16:50

Fredag fekk elevane på Søfteland vitjing av den populære programleiaren Per Olav Alvestad, kjend frå dei populærvitenskapelege programma Newton, Schrödingers katt og ikkje minst den populære serien "Ikke gjør dette hjemme".

Desse skuletimane var det tid for å læra triks ein faktisk kan gjera heime.

- Dei triksa vi gjorde i TV-serien er for farlege å gjera heime, eller her på skulen. Då mistar de gymsalen, forklarte Alvestad før han starta på dei litt snillare eksperimenta.

Litt skuffa blei nok elevane, men triks med bakepulver, eddik, vatn, egg og plumbo gjorde likevel susen. Sjå fleire av triksa i videoen nedanfor.

På jobb hos mor

Alvestad er utdanna maskiningeniør frå NTNU i Trondheim, men har aldri praktisert i den jobben.

- Før eg var ferdig med å studera såg eg ei annonse frå NRK om at dei søkte programleiarar med naturfagleg utdanning til Newton. Eg søkte og fekk jobben. Sidan har eg blitt verande i NRK.

- Kva er det som gjer at du no er på Søfteland skule?

- Tidlegare har eg vore med på eindel skulevitjingar i samband med naturvitenskaplege dagar.

- Forklaringa for kvifor eg er her i dag er ganske enkel.

- Mor mi jobbar på skulen og spurte om eg hadde lyst når eg likevel skulle koma på vitjing i samband med langhelga.

Fekk prøva sjølv

Ein som er glad for at den kjende programleiaren er son av mor si er lærar Torgeir Skjælaaen.

- I samband med biblioteksprosjektet vårt der vi «går i fotspora til» kjende forskarar var det utruleg kjekt at Per Olav ville ta turen og syne oss mykje praktisk kjemi.

- Eg trur det har vore ein kjekk og lærerik dag for elevane, seier Skjælaaen.

Etter at Alvestad var ferdig med å demonstrera dei forskjellege triksa var det elevane sin tur til å testa om dei klarte å få eit hardkokt egg ned i eit trangt glas eller om dei klarte å slukke eit brennande lys ved hjelp av bakepulver og eddik.

Video: Per Olav Alvestad frå "Ikke gjør dette hjemme" demonstrerer partytriks du godt kan gjøre hjemme. 3.48 (foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.