Kveld etter kveld med alarm frå skulen

– Vi er klar over utfordringa.

Kveld etter kveld med alarm frå skulen
Lunde barneskule. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. okt. 2025 15:56

«I kveld igjen!» skriv ein turgåar, som filma durande alarm frå Lunde barneskule.

– Det er tredje gong på kort tid. I tillegg er det ein jamn pipelyd frå skulen, og noko som ser ut til å vera unødig mykje lys. Meir enn før.

Hos brannvesenet har ikkje Åge Kausland loggen framfor seg, men han seier førre utrykning var i 06-tida i dag.

– Dei har direkte varsling, så vi rykker ut med det same alarmen går. Med mindre det er på dagtid, då er det inne ei forseinking, så dei tilsette ved skulen har sjanse å stoppa oss om det ikkje trengs utrykning, forklarer han.

Mens andre skular har hatt utfordring med hærverk den siste tida, er det verken rampestrekar eller branntillaup som har utløyst alarmen dei siste dagane.

– Det stemmer at det har gått nokre unødige alarmar der, seier leiar for eigedomsdrift i Bjørnafjorden kommune, Dag Søfteland, etter å ha sjekka med dei som har vore på vakt.

– Det er ein detektor i utandørs gymsal som varslar utan årsak. Vi har kopla inn eit eksternt firma som vi har rammeavtale med. Dei skal sjekka saka og utbetra feil.

Jamn pipelyd kjenner ikkje Søfteland til.

– Men den kan koma om ei dør blir ståande open. Det er ein del aktivitet på skulen på kveldane òg, og om nokon lar ei dør stå open, for eksempel for å sleppa å låsa inn éin og éin, så kan det vera årsaka.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.