Lokal | 05. feb. 2017

Kven er raskast på Vestlandet?

I år blir det offisiell fartsetappe med både båt og vannskuter i løpet av Poker Run-helga.

Kven er raskast på Vestlandet?
Knut Steen Rakner (t.v.) og Jarle Jokiel i Speedball AS, selskapet som blant anna arrangerer BPR og Bergen Grand Prix. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. feb. 2017 09:20

Bergen Poker Run, som har vore arranger dei fleste åra sidan starten i 2005, svingar ofte innom Askvik og Øyane (pitstop på Vedholmen Landhandel), seinast i fjor.

• Les òg: Fauk innom Øyane

– Poker Run skal innom Vedholmen i år òg, fortel arrangør Knut Steen Rakner, på plass på Dra til Sjøs for å sjekka dei raskaste båtane på messa.

Bergen Poker Run 2017 blir arrangert same helga som Osfest, fredag 11. til søndag 13. august.

Fleire osingar har deltatt ulike år.

Satsar på 120 knop
Monsterfabrikken

Nytt i år: Fartsetappe!

Dei raske deltakarbåtane har halde høg fart på delar av etappane, men det har til no ikkje vore kappkøyring eller premiering på tid.

I år blir det andre bollar.

– Vi lager Bergen Grand Prix i år, som del av BPR, med race godkjent hos Norges Motorsportforbund. Distanse og bane er førebels ikkje bestemt, men vi har dato og program.

Fredag og laurdag er det Poker Run, søndag er det tid for Bergen Grand Prix, med vannskuterar først og båtar etterpå.

– Det blir open klasse i «leisure boats», med offisielle fartsetappar for dei raskaste båtane og vannskuterane på Vestlandet, seier Jarle Jokiel, styreleiar i det nyoppretta selskapet Speedball AS, arrangør av den spreke båthelga i Bergen og Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.